Kva framtid ventar samisk?
Kjem dei samiske språka til å overleve?
Fag
Læringssti
Kjem dei samiske språka til å overleve?
Sjå kortfilmen Bonki (lengde 19:51):
Diskuter med sidemannen:
Ekspertar reknar med at det er 6 000–7 000 språk i verda i dag. I følge UNESCO vil omtrent halvparten av desse språka døy ut om 100 år (Unesco, u.å.).
Sørsamisk og lulesamisk er, i følge UNESCO, alvorleg trua (Larsen, 2009). Nordsamisk, som er det største samiske språket i Noreg, er klassifisert som det litt mildare definitivt trua.
Vi kan altså slå fast at dei tre eksisterande samiske språka i Noreg står i fare for å forsvinne, saman med 3 000–4 000 andre språk i verda.
Vi må sjå på tre faktorar som bidreg til at samisk er utrydningstrua:
Staten Noreg må ta mykje av skulda for at talet på samisktalande fall kraftig utover på 1900-talet. På grunn av fornorskingspolitikken lét foreldre vere å lære barna morsmålet sitt. Årsaka var at det å vere same, var skambelagt. Faktisk visste mange barn ikkje at dei var samiske før i vaksen alder. Foreldra deira snakka samisk med kvarandre i det skjulte.
Tidlegare var det vanleg for barn som vart fødde i samiske familiar å bli verande og ta over reindrifta. I lokalsamfunnet var samisk omgangsspråket, både blant familiar, vener og i butikken.
I dag er primærnæringer, som reindrift, i sterk nedgang. Som ei følge av dette flyttar mange frå bygd til by. I byane er det ikkje lengre samisk som er omgangsspråket. Her møter derimot samane majoritetsspråket norsk overalt. Dermed blir det færre høve til å bruke morsmålet sitt. I dag snakkar mange unge samar betre norsk enn samisk (Regjeringa, 2014).
Foreldre kan velje samisk som anten første- eller andrespråk på skulen for barna sine. Talet på dei som vel eitt av dei tre samiske språka som førstespråk, er ganske stabilt, men det er fleire som vel samisk som andrespråk no enn for 20 år sidan (SSB, 2026). Dette er gode nyheiter!
Men det er stor mangel på lærarar som kan undervise i og på samisk. Dette gjeld alle dei tre samiske språka. Når samisk ikkje lenger er førstespråk heime eller blant venner, blir skulen den viktigaste kjelda til å lære og verne språket.
Heldigvis vel nokon å satse på ei framtid som lærar i samisk. Møt Susanne Næss Guttorm som bytte studieretning for å vere med på å redde samisk språk: Intervju med Susanne Næss Guttorm på NRK.
Vi kan peike ut fire moment som må til for at samisk skal overleve, og til og med kan vekse:
Det er ingen fasit på om samisk kjem til å overleve dei neste 100 åra. Unesco meiner det er liten sjanse for det, men den veksande stoltheita blant mange unge samar i dag taler for det motsette (Larsen, 2009).
Kanskje kan det sjåast på som ein lovande tendens at ein av verdas mest sette filmar, Frost 2, inneheld samiske element og skal dubbast til nordsamisk (NRK Sápmi, 2019)?
Sjå dette klippet på NRK (lengde 1 minutt) som viser eit lite utdrag frå filmen: Frost på samisk.