Kulturbaserte reiselivsopplevingar

Noregs kulturminner
I Noreg har vi ein mangfaldig og dyrebar kultur. Noko av kulturen vår er internasjonalt anerkjend som verneverdig ved at han står på Unesco si liste over kulturarven i verda.

Kulturelle reiselivsopplevingar
Vi menneske er fødde nysgjerrige, og det å oppleve nye og kanskje framande kulturar er ein stadig viktigare del av ferieopplevinga vår. Turistar som kjem til Noreg, ønsker gjerne å kombinere natur- og kulturopplevingar.
Kultur som reiselivsressurs
Kultur handlar om kulturminne, kulturarv og kulturmiljø. Det omfattar alt frå gamle handverkstradisjonar, mat og drikke, kunst, arkitektur, musikk og dans, mytar og historie, forteljartradisjonar, språk og levesett til det moderne livet i Noreg.
Den mangfaldige kulturen vår gir moglegheiter til å skape attraktive reiselivsopplevingar for mange ulike interessegrupper. Operahuset i Oslo er attraktivt både for dei som er spesielt opptekne av moderne arkitektur, og for operainteresserte. Riddu Riđđu-festivalen kan vere ei fin oppleving for dei som ønskjer å oppleve noko av kulturarven til urbefolkninga, mens sportsinteresserte kanskje vil sjå hopprenn i Holmenkollen.

Kulturturistar
Dei typiske kulturturistane blir i Stortingsmelding nr. 19 (2016–2017) karakteriserte ved at dei planlegg eller har gjennomført minst to av aktivitetane under:
oppleve lokal historie og legender
oppleve lokal kultur og levemåtar
oppleve tradisjonar og nasjonale festar
besøkje kunstutstillingar og museum
besøkje historiske bygningar og stader
Kulturturistane ønskjer å oppleve, nyte og lære meir om lokal livsstil. Dei vil lære om sjølve identiteten, det særeigne, ved lokalsamfunna dei besøker.
Når du skal skape kulturelle reiselivsopplevingar, er det viktig å gjere det på ein etisk forsvarleg måte som ikkje "trampar på" eller misbruker det særeigne ved lokalsamfunna.
Diskuter
Kva for kulturbaserte reiselivsopplevingar i Noreg kjenner du til?
Finn døme på ulike aktivitetar som kulturturistar kan delta i. Beskriv korleis desse blir kombinerte i ulike reiselivstilbod rundt om i landet.
Døme på kulturbaserte reiselivsopplevingar

Norsk folkemuseum
På Norsk folkemuseum kan vi få innblikk i korleis folk har levd i Noreg frå 1500-talet og fram til i dag. Museet er dermed eit døme på ei kulturbasert reiselivsoppleving.
Relatert innhald
Noreg har åtte stader på UNESCOs verdsarvliste. Verdsarvstatusen har gjort dei til ettertrakta reiselivsdestinasjonar.