Oppgåve
Tilpassa kost
Dette er ei individuell oppgåve om tilpassa kost. Læraren skal gå gjennom fagstoff, deretter skal eleven svare på oppgåvene.

Informasjon om oppgåva
Læraren går gjennom desse typane tilpassa kost:
- Mat med annan konsistens
- Glutenfri kost
- Saltredusert/saltfattig kost
- Laktoseredusert kost
- Feittredusert kost
Oppgåve 1

Lag eit hefte eller ei mappe med
- framside og namn
- innhaldsliste
- innleiing
- svar på oppgåvene
- avslutning
- kjeldetilvisingar
Gjer deretter følgjande for kvar av dei fem kosttypane:
- Bruk namnet på den tilpassa kosten som overskrift.
- Kva matvarer eller råvarer må pasientar på denne kosten unngå? (NEI-mat)
- Kva matvarer eller råvarer kan pasientar på denne kosten ete? (JA-mat)
- Skriv ned minst seks faktasetningar (råd) om den tilpassa kosten som det er viktig for deg som kokk å vite om.
Oppgåve 2

Her ser du eit døme på ein meny med nøkkelrådskost det er vanleg å servere ved institusjonar.
- Denne menyen skal du no tilpasse til den aktuelle tilpassa kosten, slik at han blir så lik nøkkelrådskosten som mogleg.
- Lag deg ein tabell slik dømet viser, eller bruk "Skjema for utfylling til tilpassa kost", som du finn som relatert innhald.
Døme på tabell
Kosttype | Hovudrett | Saus | Poteter/grønsaker | Dessert |
|---|---|---|---|---|
Nøkkelrådskost | lettsalta kokt uer | eggesmør | kokt potet | kirsebærkompott |
Findelt kost |
|
|
|
|
Glutenfri kost |
|
|
|
|
Saltredusert kost |
|
|
|
|
Laktoseredusert kost |
|
|
|
|
Feittredusert kost |
|
|
|
|
Relatert innhald
Skjema for utfylling til tilpassa kost
Vedlegg med skjema for utfylling til tilpassa kost.