Konsistenstilpassa kost

IDDSI
IDDSI (The International Dysphagia Diet Standardisation Initiative) er eit internasjonalt rammeverk som beskriv ulike konsistensar på mat og drikke. Rammeverket deler mat og drikke inn i åtte nivå, frå nivå 0 (tynn drikke) til nivå 7 (normalt kost). Helsedirektoratet tilrår at vi følger denne standarden når vi skal lage mat til personar som treng konsistenstilpassa kost.
Bakgrunnen for å utvikle IDDSI var at det tidlegare blei brukt ulike omgrep som findelt, mosa og puré, utan at det fanst nokon felles definisjon av kva dette innebar. Det kunne resultere i at pasientar fekk mat med feil konsistens, noko som i verste fall kunne føre til at maten sette seg fast i halsen, eller at mat og drikke kom ned i luftvegane.
Ved å bruke felles nemningar og standardiserte testmetodar kan helsepersonell og kjøkkenpersonell lettare samarbeide om å tilby trygg og tilpassa mat og drikke. Kva konsistensnivå kvar enkelt pasient treng, skal alltid vurderast av helsepersonell med rett kompetanse.
Dei ulike konsistensnivåa
Tabellen under viser ei forenkla oversikt over dei ulike konsistensnivåa i IDDSI. Nokre nivå gjeld berre mat, andre gjeld berre drikke, mens nivå 3 og 4 gjeld begge. Nivå 7 omfattar både normal og lett-tyggeleg kost. Lett-tyggeleg kost har mjukare konsistens og passar for personar som har vanskar med å tygge hard eller seig mat.
IDDSI-nivå | Mat | Drikke | Kjenneteikn |
|---|---|---|---|
7 | normal kost | - | normal kvardagskost med ulike konsistensar |
7 | lett-tyggeleg | - | mjuk og mør kvardagsmat som er lett å tygge |
6 | mjuk og oppdelt | - | mjuk og fuktig mat delt i små bitar, som kan mosast og etast med skei, gaffel eller spisepinnar |
5 | farse | - | fuktig mat med svært små, mjuke bitar som krev minimalt med tygging |
4 | puré | ekstremt tjukk | jamn konsistens utan klumpar, som held forma og ikkje krev tygging |
3 | smudi | moderat tjukk | jamn konsistens utan klumpar som kan drikkast frå kopp eller etast med skei |
2 | - | litt tjukk | kan slurpast, renn raskt av ei skei, men saktare enn tynn drikke |
1 | - | minimalt tjukk | drikke som er litt tjukkare enn vatn |
0 | - | tynn | vanleg tyntflytande drikke, som vatn |
Tillaging av konsistenstilpassa mat
Konsistenstilpassa kost må tilpassast behova til kvar enkelt pasient. Avhengig av IDDSI-nivået, kan maten til dømes delast i små bitar, finhakkast, mosast eller lagast som puré.
Vi kan bruke stavmiksar, blender eller kjøkkenmaskin for å oppnå rett konsistens. Det kan vere nødvendig å tilsetje saus, væske eller andre ingrediensar for å gjere maten mjukare eller lettare å svelge. Samtidig må vi passe på at maten ikkje blir for tynn, eller at han skil seg.
Det er viktig å kontrollere at maten har rett konsistens før servering. IDDSI har utvikla standardiserte testmetodar som kan brukast til dette. Hugs at konsistensen kan endre seg ved oppvarming, avkjøling eller når vi tilset meir væske eller fortjukkingsmiddel.
Bruk av fortjukkingsmiddel
Fortjukkingsmiddel blir brukte for å gjere mat og drikke tjukkare, slik at konsistensen blir tilpassa personar med svelgevanskar. Det finst ulike typar fortjukkingsmiddel, og dei kan til dømes tilsetjast til vatn, saft, supper og sausar. Det er viktig å følge bruksrettleiinga og kontrollere konsistensen før servering.
Presentasjon av maten
Når mat blir mosa eller laga som puré, mistar han den opphavlege forma og strukturen sin. Det er viktig å servere konsistenstilpassa kost slik at utsjånad og farge stimulerer appetitten. Ingrediensane bør derfor mosast kvar for seg. Bruk gjerne former når du legg opp maten. Ved å halde dei ulike matvarene skilde og bruke ulike former som liknar den opphavlege utsjånaden til maten, kan vi få maten til å sjå innbydande og appetittvekkande ut.
Energi- og næringsinnhald
Personar med tygge- og svelgevanskar har auka risiko for underernæring. Derfor er det ofte behov for energi- og næringstett kost. Når vi mosar maten eller lagar puré, må vi ofte tilsetje væske for å få rett konsistens. Då kan maten bli utvatna og få lågare innhald av energi og næringsstoff. For å unngå det kan vi berike maten med til dømes fløyte, smør, olje, egg eller mjølkepulver. Beriking betyr at vi tilset ingrediensar som aukar energi og næringsinnhald, utan at porsjonane blir særleg større.
Matglede og måltidsoppleving
Det er viktig at pasientar med tygge og svelgevanskar får ro rundt måltidet og nok tid til å ete. Små, hyppige og appetittvekkande måltid kan vere betre enn få og store måltid, særleg for personar som har problem med å tygge, som et langsamt eller har dårleg matlyst.
Det er òg viktig å ta omsyn til ønska og matvanane til pasienten, slik at måltidet blir ei positiv oppleving.
Relatert innhald
Nettside hos iddsi.org