Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Ulike typar tilpassa kost

Nokre treng mat med tilpassa konsistens på grunn av tygge- eller svelgevanskar, sjukdom eller skade. Som kokk må du kunne lage mat som er trygg å ete, samtidig som han er næringsrik og appetittvekkande. I denne oppgåva skal du få jobbe med mat med tilpassa konsistens.

Oppgåve 1

Skriv litt om kva endringar du må gjere med mat som skal serverast til personar som treng tilpassa konsistens. Kva inneber dette når du skal lage mat?

Oppgåve 2

Lag ein plan over måltid med tilpassa konsistens. Her skal det vere tilpassa kost til frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Kosten skal vere mest mogleg variert og innehalde både energigivande næringsstoff, vitamin og mineral.

Oppgåve 3

Finn oppskrifter og lag bestilling på råvarer til eit av måltida frå oppgåve 2. Måltidet skal lagast på kjøkkenet og presenterast på ein buffé. Måltidet skal innehalde både mat og drikke.

Presenter måltidet og tilpassingane du har gjort, for resten av klassen. Lat dei få smake.

Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist oppdatert 17.06.2026