Tillaging av kamskjel
Film: Kamskjel (lengde 2:22)
Tillagingsmetodar
Kamskjel treng lite varmebehandling og eignar seg derfor godt til eit kort opphald i steikepanna eller på grillen. Skjela må ikkje varmebehandlast for lenge, for då kan dei få ein gummiaktig konsistens.
Kamskjel kan òg serverast rå, til dømes som sushi, carpaccio eller tartar.
Reinse kamskjel
Hald kamskjelet i handa. Det flate skalet skal vende opp, og den runde sida skal vende mot deg. Stikk ein spiss liten kniv inn på sida ved kortenden. Der vil det vere litt avstand mellom skala. Press og før kniven heile vegen tett oppunder det flate skalet. Då vil skjelet opne seg, og muskelen vil losne frå festet sitt.
Har du gjort det riktig, skal det ikkje sitje igjen noko av muskelen på det flate skalet.
Når det flate skalet er laust, kan du enkelt ta ut muskelen og resten av innmaten med ei skei. Riv muskelen forsiktig laus frå resten av innmaten. Rogn og mjølke kan etast. Kast magesekken. Resten av innmaten kan du koke kraft på. Hugs å fjerne den vesle bimuskelen som sit inntil hovudmuskelen.
Rogn, mjølke og muskel kan etast, mens kappe, magesekk og brune gjeller må fjernast.
Steikje kamskjel
Reins kamskjela, slik at du sit igjen med dei kvite musklane.
Varm ei panne, ha i litt nøytral olje, og legg i kamskjelmusklane.
Steik skjela på den eine sida på middels til høg varme, slik at dei får ein fin, gyllen farge. Krydre med salt og pepar.
Snu skjela, og ha i litt smør og eit knust kvitlauksfedd med skal. Krydre med salt og pepar også på denne sida, og press over nokre dropar med sitronsaft.
Ikkje steik kamskjela for lenge. Dei skal ikkje vere heilt gjennomsteikte. Heile steikinga skal ikkje ta meir enn 2–3 minutt, avhengig av storleiken på muskelen.