Fritert kjøtt

Fritering vil seie at kjøttet blir steikt i varmt feitt. Du kan nytte ein elektrisk frityrkokar eller ei jerngryte. Det går òg an å fritere i ei steikjepanne med berre litt olje i, men då må du vende på kjøttstykka for at dei skal bli steikte på begge sider.
Olje som eignar seg til frityrsteiking, er olje som toler høg temperatur og har ein nøytral smak, slik som raps- eller solsikkeolje.
Temperatur
Vi friterer på ein temperatur på rundt 180 gradar. For å teste om olja er passeleg varm, kan du stikke ei tresleiv ned i ho. Olja er varm nok viss det byrjar å bruse rundt skaftet.
Hugs at olja held ein høg temperatur og kan ta fyr, ha derfor alltid eit lokk tilgjengeleg for å sløkkje ein eventuell brann. Du må aldri kaste vatn på frityren, då vil han eksplodere.
Friteringsmåtar
Vi kan fritere kjøtt på fleire måtar.
Frityrrøre
Det finst fleire oppskrifter på frityrrører, men ofte blir dei laga på basis av kveitemjøl og/eller maisenna, stivpiska eggekvitar og ei væske som vatn med kolsyre, vatn eller øl.
Panering
Å panere vil seie at kjøtt først blir vendt i mjøl, så i egg og så i ein type panering. Paneringa kan vere brødrasp, pankomjøl, knust cornflakes, potetflakes eller nøttemjøl.
Innbakt i deig
Kjøtt kan pakkast inn i filodeig saman med grønsaker og krydder og bli steikt i frityren som til dømes vårruller eller samosa.
Film om tillagingsmetodar for kjøtt
I filmen under (lengde 8:44) blir det vist to ulike tillagingsmetodar for kjøtt, nemleg farsering og frityrsteiking.