Tillagingsmetodar for kjøtt – temaoppgåve

Mål
Målet med denne oppgåva er at de skal:
- vise at de kan velje rett kjøttprodukt til ulike tillagingsmetodar
- vite kva som skjer med smak og mørheit i kjøttet ved bruk av ulike tillagingsmetodar
Informasjon om oppgåvene
De må planlegge oppgåvene slik at de kan jobbe med både den teoretiske og den praktiske oppgåva samtidig. Det er sett av ei undervisningsøkt på sju timar til oppgåvene. Svaret blir levert etter avtale med læraren.
Teoretisk oppgåve

Frå kva dyr og kva del eller muskel på dyret vil de velje kjøtt for å lage desse rettane?
- lapskaus
- fårikål
- biff
- pinnekjøtt
- ribbe
- spekeskinke
- fenadlår
- medisterpølse
- karbonadar
- biff tartar
Skriv opp kva tillagingsmetode de vil bruke når de skal lage desse rettane. Grunngi svaret!
Lag eit oversiktleg svar, til dømes i ein tabell.
Praktisk oppgåve

Klassen blir delt inn i grupper på tre eller fire elevar.
Etter avtale med læraren skal alle rettene serverast til prøvesmaking.
- Kvar gruppe skal skrive ein rapport om korleis dei opplever mørheit og smak på kjøttet. Kvar gruppe skal levere ein rapport.
- Som oppsummering av undervisningsøkta skal kvar gruppe presentere ein konklusjon etter smaksprøvane.
- Det er viktig at de får fram korleis de opplever mørheita og smaken av kjøttet.
Annan info
Gruppe 1 lagar brun saus.
Gruppe 2 koker potetar og smørdunstar gulrøter.
Gruppe 3 blansjerer og klargjer blomkål og brokkoli.
Gruppe 4 dekker borda.
Mengder og tidspunkt for måltidet blir avtalt med læraren.
Gruppe 1
De får utlevert 600 g bankekjøtt.
- 200 g skal steikast som ein biff i panna.
- 200 g skal brunast og bli kokt i kraft i 30 minutt.
200 g skal brunast og bli kokt i kraft i 1,5 timar.
Gruppe 2
De får utlevert to skinkesteiker à 1 kg.
- Den eine skal bindast opp, brunast og steikast i omnen på 180 gradar i 1,5 timar.
Den andre skal bindast opp, brunast og breserast i omnen på 120 gradar i 2,5 timar.
Gruppe 3
De får utlevert 600 g mørbrad av storfe.
- 200 g skal leggast i kald panne med smør og steikast medium steikt.
- 200 g skal leggast i god og varme panne med smør og steikast medium steikt.
200 g skal brunast raskt på begge sider i ei varm panne og deretter kokast i buljong i fem minutt.
Gruppe 4
De får utlevert 500 g karbonadedeig, 500 g kjøttdeig og 500 g medisterdeig.
- De skal lage karbonadar av kjøttdeigen.
- De skal lage karbonadar av karbonadedeigen.
- De skal lage "karbonadar" av medisterdeigen.
Det er viktig at de bruker same oppskrift til alle dei ulike deigane.