Hopp til innhald
Film og filmklipp

Surt

Surt er ofte forbunde med noko friskt. Det er nesten så vi får frysningar berre nokon snakkar om noko skikkeleg surt, og i alle fall viss vi smaker på det.
Video: Moxey AS / CC BY-SA 4.0

Surt

Surt er med på å nøytralisere smaken av råvarer med mykje søtleik. Her blir det òg skapt balanse, og den sure smaken blir flytta rundt på tunga når vi tilset andre smakar.

Dei syretypane vi nyttar mest på kjøkkenet, er sitron, lime, eddik og vin. Desse er med på å skape balanse opp mot til dømes smør, kjøt og søte eller bitre råvarer.

Syre er noko du kjem til å nytte mykje for å komplettere maten din og når du smaker han til. Derfor er det viktig å vite kvar du finn naturleg syre i råvarene, og kvar du må tilsetje syre fordi råvara ikkje inneheld det. Eit godt døme er bakte rotgrønsaker. Dei har mykje søtleik, og dei smaker faktisk meir søtt og får meir smak viss vi tilset syre før servering.

Kjenn etter

Du har heilt sikkert tenkt på noko surt og kjent at munnen din gjer seg klar for syre. Kan du beskrive kva som skjer inni munnen din når du tenkjer på sitronjus, limejus og kvitvineddik?

Skrive av Frode Selvaag.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2020