Den profesjonelle servitøren

Personlege eigenskapar
Jobbar du som servitør, bør du trivast i eit hektisk og sosialt miljø. Det er forventa at du alltid er blid og imøtekommande, òg på dei dagane du ikkje kjenner deg heilt på topp. Det er ille for gjestane å møte ein servitør som er sur! Ein servitør må òg vere effektiv og kunne halde hovudet kaldt i travle periodar. Det er ein fordel å ha evna til å kunne handtere fleire oppgåver samtidig.
Ein servitør vil dagleg møte menneske med ulike ønske og krav. Derfor må du ha evna til å ta ting på sparket og finne kreative løysingar når det er nødvendig. Før eller seinare vil du òg møte vanskelege og uforskamma gjestar eller kollegaer. Hugs at du i slike situasjonar skal opptre høfleg og korrekt.
Servitøryrket er både givande og slitsamt. Kvardagen kan vere stressande, og i tillegg er det mange daglege rutinar som krev at du er 100 prosent til stades. Arbeidet kan vere fysisk hardt, for du ber på noko stort sett heile tida. I løpet av ei arbeidsøkt går du dessutan mange kilometer.
Personleg framferd
Måten du opptrer på i restauranten eller matsalen, vil alltid bli lagd merke til. Ver klar over at du blir nøye observert av gjestane. Ikkje nødvendigvis med eit kritisk blikk, men rett og slett fordi det er naturleg. Det er derfor viktig at du har gode vanar. Gjestane skal ikkje sjå at du sit, et eller trykker på mobilen. Det er uprofesjonelt og gir eit dårleg inntrykk.
Som servitør er du bedrifta sitt ansikt mot omverda. Det er ditt ansvar å gi gjestane ei god og minnerik oppleving. Det igjen krev at du har god fagkunnskap og gode menneskekunnskapar. Du skal utføre oppgåvene dine på ein slik måte at gjestane kjenner seg velkomne og hygger seg på serveringsstaden.
Uniform
Servitøruniforma er ofte utforma for å passe til interiøret, bedriftstypen og forretningsidéen på ein serveringsstad. Uniforma til både kokkar og servitørar skal vere heil, rein og glatt. Skjorta, buksa og forstykket skal vere nystrokne. Det skal vere svarte sko, og dei bør vere gode, med solar tilpassa underlaget i lokalet du arbeider i. Det er lurt å ha eit ekstra par ståande i garderobeskapet, slik at du kan byte ved behov. Uniforma gjer at gjestane kjenner deg att som servitør.

God kontakt med gjestane
Du må vise at du ser alle gjestane, sjølv om du har det travelt. Eit smil og eit nikk kan ha avgjerande betydning for korleis gjestane opplever besøket, og det igjen er med på å avgjere om dei kjem tilbake eller ikkje. Målet må alltid vere å få gjestane til å trivast så godt at dei kjem tilbake til restauranten neste gong dei skal ut og ete. Då har dei kanskje med seg nokre fleire gjestar, eller kanskje har dei tilrådd staden til venner og kjende.
Er ein gjest veldig misnøgd med totalopplevinga, kan du rekne med at denne personen fortel det vidare. Det kan føre til at restauranten mister mange gjestar.
Fagkunnskap – og lokalkunnskap
Fagkunnskap er viktig. Som servitør må du kunne svare på spørsmålet til gjestane og rettleie dei til ei god mat- og vinoppleving. Du må kunne gjere greie for menyen og for tillagingsmåtane og råvarene som er nytta til dei ulike rettane. Og du må så klart ha kunnskapar om drikkevarer av alle slag.
Du må òg kunne svare på spørsmål frå turistar som spør om attraksjonar i området. Då kan det vere lurt å ha rutetabellar og turistinformasjon lett tilgjengeleg.
Hjelpemiddel
Som servitør er det greitt å ha hjelpemidla i orden:
handserviett
vinopnar
fyrstikker eller tennar
skrivesaker: notisblokk og kulepennar
lommebok til vekslepengar
Reflekter
Korleis vil du beskrive ein profesjonell servitør?
Kva faglege ferdigheiter meiner du er viktigast for ein servitør?
Kva personlege eigenskapar meiner du er mest verdifulle i dette yrket?
Relatert innhald
Ein god servitør er restauranten sitt ansikt overfor omverda, og det er viktig at du er omgjengeleg, flink til å kommunisere og initiativrik.