Opning og dekantering av vin
Opning av vinflaske
Forsikre deg først om at vinen er den som gjesten har bestilt, at årgangen er rett, og at vinen har rett serveringstemperatur.
Opning av vinflaska skal alltid skje før gjesten får vinen. I ein alacarterestaurant blir gjerne flaske presentert og opna ved bordet til gjesten, anten på sjølve matbordet eller på eit lite servicebord. I eit selskap eller ved ein bankett blir vinen gjerne opna på ein servicestasjon. For å opne ei vinflaske med naturkork treng du ein vinopnar og ein handserviett.
Slik gjer du
Fjern folien ved å skjere eit kutt rett under flaskehalsen. Trekk av folien.
Sjekk at vinkorken ser fin ut. Plasser den spisse enden av spiralen (skruen) på midten av korken, og vri eit tak slik at vinopnaren står fast.
Hald på vinflaska mens du vrir vinopnaren med klokka. Ikkje skru heilt gjennom vinkorken.
Bruk hevearmen på vinopnaren når spiralen er godt festa. Plasser den første hevearmen på kanten av halsen til flaska og løft opp. Dette vil begynne å trekke korken ut av flaska. Når den første hevearmen når toppen, byt til den andre hevearmen og gjenta prosessen.
Når korken er ute, må du sjå og lukte på han for å avdekke eventuelle feil. Har korken ei muggen eller udelikat lukt, kan det vere feil på vinen.
Bruk handservietten til å tørke rundt flaskeopninga slik at det ikkje kjem restar av kork i vinen.

Vanlege feil på vinen
At "vinen er korka" betyr ikkje at vinen inneheld små restar av korken frå då du opna flaska, men at korken (naturkork) er bakterieinfisert og urein. Er vinen korka, må du helle han ut.
Vinen kan ha blitt oksidert eller angripen av uønskte mikroorganismar. Oksidering vil seie at det har komme til luft i vinen under lagringa. Vinen vil då lukte som naglelakkfjernar, eddik eller balsamico. Det er ingenting du kan gjere for å fjerne denne lukta og smaken, og vinen kan ikkje brukast.
Prøvesmak vinen, og hald fram med å skjenke dersom han er i orden. Viss ikkje skiftar du ut vinen.
Dekantering og servering av raudvin
Av og til er det aktuelt å dekantere ein vin. I filmen under (lengde 6:22) viser vinkelneren korleis ho opnar, dekanterer og serverer ei flaske med raudvin.
Dekantere
Dekantering vil seie at vi heller vinen frå flaske til karaffel. Denne metoden blir mest brukt til raudvin, men kan òg vere nyttig for spesifikke kvite vinar og dessertvinar. Dekantering kan vere aktuelt viss vinen har vore lagra i fleire år og dermed samla botnfall vi ikkje vil ha med i glaset. Vi kan òg dekantere ein vin for å temperere han om han er litt kald, eller for å frigjere meir aroma i vinen.
Slik dekanterer du
Set fram utstyret du treng, og tenn lyset.
Opne vinflaska forsiktig og lukt på korken. Om korken er fin, skjenker du litt vin i glaset, som du luktar på.
Lukter vinen godt, heller du vinen frå glaset over i karaffelen. Lag roterande rørsler med karaffelen slik at innsida av karaffelen blir dekt av vinen. Dette gjer vi for å reinse vinkaraffelen for eventuelle såperestar og støv.
Hell vinen tilbake i glaset igjen, og ta gjerne endå ein kvalitetssjekk ved å lukte og smake om du er i tvil om vinen er bra.
Plasser vinflaska i den eine handa og karaffelen i den andre. Hald flaskehalsen over lyset slik at du ser flammen på lyset gjennom flaskehalsen, men ikkje så nærme at vinen blir varma opp.
Hell vinen varsamt over i karaffelen. Sjå heile tida på flaskeskuldra, og stopp når du ser at botnfallet når dit.
Vinen er no klar til å bli servert.
Prøvesmake vinen
Spør alltid kven av gjestane som ønsker å prøvesmake vinen. Det er ikkje alltid verten eller den som har bestilt vinen.
Skjenk ei lita smaksprøve i glaset til den som skal prøvesmake.
Når vinen er godkjend, kan du halde fram med å skjenke.
Skjenke og etterskjenke
Hald etiketten på flaska mot gjesten, og skjenk i glaset. Hugs at glaset ikkje skal fyllast meir enn omtrent halvfullt.
Ver nøye med å etterskjenke vin i glaset til gjestane. Det skaper god gjestekontakt.