Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Tradisjonsmat

Mat handlar om så mykje meir enn berre å ete seg mett og tilføre kroppen næring. Det handlar òg om alle dei kulturelle og tradisjonelle verdiane rundt maten og måltidet. I e-forelesinga under (lengde 4:13) kan du lære om korleis den norske tradisjonsmaten har utvikla seg.

E-forelesing om tradisjonsmat

Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0

Mattradisjonar

Maten vi et, er ein del av vår eigen identitet. Han fortel oss noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Kunnskap om råvarer, teknikkar og oppskrifter blir nedarva frå generasjon til generasjon. Mattradisjonar fungerer som ei bru til fortida og bidreg til å skape både identitet og fellesskap. Derfor held vi ofte fast ved våre eigne matvanar, sjølv når vi flytter til nye stader. Mattradisjonane våre får ofte ei ekstra betydning i samband med spesielle høve, sesongar eller høgtider.

Tenk over

  • Har de nokre eigne mattradisjonar i familien din?

  • Kva mattradisjonar er det på heimstaden din?

  • Kva mattradisjonar er representative for landsdelen du bur i?

Utvikling av matkultur

Korleis har den norske matkulturen utvikla seg? Matkulturen i eit land blir forma av fleire faktorar, mellom anna geografisk plassering, klima, økonomi og tilgjengelegheita av råvarer. I Noreg har vi hatt eit utfordrande klima, avgrensa jordbruksareal og råvarer som berre er tilgjengelege i korte periodar. Dette har ført til at vi har måtta finne metodar å bevare maten på slik at han heldt seg gjennom heile året. For å få til dette til vart maten konservert på ulike måtar, som å tørke, salte, speke, grave, rake og røyke. Metodane var dei same i heile landet, men med lokale tilpassingar. Norske mattradisjonar kan dermed variere frå region til region, og det finst mange lokale spesialitetar og delikatesser rundt om i landet.

Film om tradisjonsmat

Sjå filmen under (lengde 4:40) der Bodil Irene Nordjorde forklarer og viser deg viktige kjenneteikn ved den norske tradisjonsmaten. I tillegg steiker Kari Innerå, olympisk meister i kokkekunst, fiskekaker og gir tips om korleis dei kan bli laga til.

Video: / CC BY-NC-SA 4.0

Stadig i forandring

Matkulturen i eit land er stadig i forandring. Vi blir påverka i møte med menneske og mat frå andre land og kulturar. Slik har det alltid vore, og slik vil det halde fram med å vere. Vi har i dag god tilgang til råvarer og kan velje og vrake i eit stort utval. Vi har god økonomi og tilgang til mykje utstyr. Vi let oss freiste og freistar andre med spennande oppskrifter på nettet. Det gjer det enkelt å prøve ut nye råvarer og matrettar. Vi et ikkje det same i dag som vi gjorde for 50 eller 100 år sidan.

Det er viktig å ha god kunnskap om eigen matkultur for å kunne forstå kva som blir servert, kunne ta vare på eigen kulturarv og å kunne tenke nytt og vidareutvikle det gamle.

Skrive av Jannike Gausdal.
Sist oppdatert 06.05.2026