Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Spinat

Spinat er ei bladgrønsak som opphavleg kjem frå Asia. Spinat er ein eittårig plante.

Sesong og oppbevaring

Spinat har ein behageleg smak som kjem av at han inneheld oksalsyre. Fordi spinat har heller kort haldbarheit, går det meste av produksjonen til næringsmiddelindustrien. Blada er 3–30 centimeter lange og 1–15 centimeter breie.

Den norske sesongen strekker seg frå juli til september. Spinat må bli lagra mørkt og kjølig, helst mellom 0 og 2 gradar, og må ikkje bli utsett for trekk eller etylen. Frisk spinat held seg i 2 til 5 dagar i kjøleskapet.

Spinaten blir dyrka i drivhus, og om sommaren i jorda utandørs. Han er derfor tilgjengeleg heile året.

Bruksområde

Spinat har eit breitt bruksområde. Spinat passar godt saman med ost, smør, fløyte og egg. Ein klassikar er krema spinat, som passar ypparleg til fisk, særleg røykelaks. Spinat passar òg særleg godt i gryterettar med frukt (slik er han mykje brukt i kjøkkena i Midtausten) og i terter og paiar som blir laga i Frankrike, Italia og Hellas. Spinat eignar seg dessutan framifrå i suppe, sufflé og mos. Vidare er han ideell til linser, kikerter, bønner og poteter, og i wokrettar, anten åleine eller saman med andre ingrediensar. Skyld, hakka spinat er òg nydeleg i grøn salat.

Næringsinnhald

Spinat er ei svært god kjelde til jern, kalium, vitamin C og kalsium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om spinat

I filmen under (lengde 1:03) kan du lære meir om spinat og få tips til korleis han kan bli laga til.

Slik lagar du til spinat. Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Spinacia oleracea
engelsk: spinach
tysk: Spinat
fransk: épinards

Skrive av Anette Eikild Larsen.
Sist oppdatert 04.02.2026