Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Skrei

Fagstoff
Video

Skreifisket

Skreifisket er det tradisjonsrike årlege fisket etter gytemoden skrei (torsk), og det går føre seg i månadene mellom januar og april. I denne filmen (lengde 3:35) fortel fiskar Børge Iversen om historia til lofotfisket og kva det har å seie for norsk økonomi.

Film om lofotfisket

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Kva er forskjellen på torsk og skrei?

Ordet skrei stammar frå det norrøne ordet skreið, som betyr "ein fisk som skrid eller vandrar". Skrei er torsk som veks opp i Barentshavet, og som vandrar fleire tusen kilometer inn til norskekysten for å gyte. Denne vandringa gjer at fisken blir ekstra muskuløs og fast i kjøttet. Vanleg torsk lever stasjonært langs kysten og vandrar ikkje over store avstandar.

Lofotfisket

I vintermånadene januar til april trekker skreien inn frå Barentshavet til norskekysten frå Finnmark i nord heilt ned til Mørekysten. Dei største massane samlar seg i Lofoten og Vesterålen fordi temperaturen og næringsforholda her er unike for gytinga. Fiskarar frå heile Noreg samlar seg i Lofoten for å delta i dette fisket. Skreifisket her blir kalla lofotfisket.

Betydninga av skreien

Skreien har hatt enormt mykje å seie for Noreg både økonomisk og kulturelt i lange tider. Han har livnært menneske i hundrevis av år og gjer det framleis den dag i dag. Fisket etter skrei sysselset mange menneske i fiskeindustrien, og òg i tilknytte næringar som tilarbeiding, distribusjon og i reiselivsbransjen. Mange barn og ungdommar har starta arbeidskarrieren sin med å skjere torsketunger på fiskemottaka.

Tørrfisk var i mange hundre år Noregs viktigaste eksportvare, og i 2023 vart det eksportert 3 700 tonn tørrfisk til ein verdi av 2,2 milliardar kroner. I dei seinare åra har òg fersk skrei blitt ei populær råvare i andre land, og i 2024 eksporterte vi 4 600 tonn fersk skrei til ein verdi av 243 millionar kroner.

Unik sesongvare

Skreien er ei heilt unik sesongvare og blir omsett fersk, salta eller tørka. Fersk blir han tradisjonelt servert som skreimølje, det vil seie trekt i lettsalta vatn og servert med lever og rogn. Han eignar seg òg godt til både steiking, baking og grilling med meir, og dei ulike delane av fisken blir brukt i ulike rettar.

Kjelder

Bjørge, C., Hallenstvedt, A. & Johnsen, J. P. (2024, 26. november). Lofotfisket. I Store norske leksikon. https://snl.no/lofotfisket

Godfisk. (u.å.). Hva er skrei? Henta 11. desember 2024 frå https://www.godfisk.no/sesonger/vinter/hva-er-skrei/

Norges fiskarlag. (2024, 4. januar). Ny eksportrekord. https://fiskarlaget.no/ny-eksportrekord-5/

Skrive av Jannike Gausdal og Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 06.04.2026