Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Sitron

Sitron er frå gammalt av kjend som krydder- og medisinalvekst. Han kjem opphavleg frå områda sør for Himalaya. Seinare vart planten ført vidare til Europa av Columbus. No er det produksjon av sitron i landa kring Middelhavet og USA.

Utsjånad og eigenskapar

Sitron blir hausta mogen som andre sitrusfrukter. Skalet kan då framleis vere noko grønt, men dette skiftar til gult etter kvart. I landa der sitronane blir hausta, blir dei gjerne selde grøne. Som regel er det sjølve safta frå sitronen og det rivne skalet som blir nytta til matlaging og drikke. Sitron har ein syrleg smak og er svært rik på vitamin C.

Bruksområde

Sitronsaft og rive skal blir nytta til smakssetting i matrettar, bakverk, drikkar, sorbear og anna. Båtar eller skiver av sitron kan serverast til svinekjøtt, skaldyr, wienersnitsel og mange fiskerettar. Til fisk kan pressa sitron erstatte feite sausar. Sitronskiver blir nytta i te og som smakssetjing i drikkevatn. Sitronen er dekorativ som pynt på matfata. Nokre dropar sitron hindrar misfarging av oppkutta frukt og grønsaker som til dømes avokado og eple.

Næringsinnhald

Sitron er rik på vitamin C og kalsium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Sitron skal vere blank, heil og velforma utan teikn til brune eller mjuke flekkar. Han bør minst ha eit tverrsnitt på 45 mm for å ha rett storleik. Eit godt kvalitetsteikn er at fruktene er tunge i høve til storleiken.

Lagring

Sitronar har i utgangspunktet lang haldbarheit. Dei kan komme inn grøne til leverandøren, og dei er då haldbare i månader. Når skalet har blitt gult, kan dei framleis halde seg i veker under optimale lagringsforhold.

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 04.03.2026