Appelsin

Variantar

Vi deler gjerne appelsinar inn i to hovudgrupper: blonde appelsinar og raude appelsinar. Blonde appelsinar har gult fruktkjøt. Raude appelsinar har eit meir eller mindre raudt fruktkjøt. Det finst mange ulike appelsinvariantar. Somme blir dyrka for ferskvarekonsum, medan andre blir dyrka berre for å lage jus. Over ein tredel av produksjonen går til jusproduksjon. Appelsin er den viktigaste trefrukta i verda.
Bruksområde
Vi et appelsinane naturelle, eller vi pressar dei til jus. Dei har eit rikt bruksområde, og vi bruker dei til salat, fruktsalat, saus og garnityr, til pynt på smørbrød, til is og til marmelade. Når vi bruker skalet til marmelade, er det viktig å skrubbe det godt først for å fjerne restar av voks.
Eigenskapar

Appelsin inneheld mykje C-vitamin (40–80 mg per 100 g, avhengig mellom anna av sort) i tillegg til rundt 13 andre vitamin i mindre omfang. Dessutan inneheld appelsinen ei betydeleg mengde av minerala fosfor, jern og kalium. Generelt kan vi seie at appelsinar kjem som sende frå himmelen i dei mørkaste månadene av året.
Næringsinnhald
Appelsinen er den viktigaste kjelda vår til C-vitamin. Han er også ei god kjelde til B-vitaminet folat og mineralet kalium.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Kvalitetskrav
Appelsinen skal vere frisk og ha jamn farge utan grøne flekker. Fruktkjøtet skal verke fast utan teikn til blaute flekker. Appelsinen skal vere saftig og velsmakande, ha eit skal som losnar lett, og innehalde få steinar.
Lagring
2–4 °C. Appelsinar inneheld ikkje stivelse i fruktkjøtet og kan derfor ikkje ettermognast. Det vil seie at frukta er på det friskaste og mest mogne på det tidspunktet då ho blir hausta. I romtemperatur held appelsinar seg i 1–2 veker.
Film: Sitrusfrukt
I filmen under (lengde 3:28) får du lære meir om forskjellige sitrusfrukter.