Serviettar

Historikk og funksjon
Serviettbretting har eksistert i over 500 år, og det finst mange ulike bretteteknikkar. Serviettar blei brukte allereie i mellomalderen, og på 1600-talet blei det vanleg å dekke med ein eigen serviett til kvar person. Servietten hjelper gjesten med å halde hendene og ansiktet reine under måltidet. I tillegg vernar han kleda mot søl.
Val av serviettype
Servietten er ein viktig del av heilskapen i borddekkinga. Fargar, mønster, kvalitet og brettemetode kan forsterke stemninga og stilen ein serveringsstad ønsker å formidle.
Det er lurt å velje ein serviettype som passar til standarden på staden, høvet og brettemetoden.
Fargar og mønster
Serviettar finst i mange fargar og mønster. Fargar kan påverke stemninga ved bordet på ulike måtar:
Dempa fargar kan skape ei roleg og lun stemning.
Sterke fargar gir energi og livlegheit.
Kvitt og lyse lyse fargar kan gi eit reint og elegant uttrykk.
Fargar kan òg brukast for å understreke ein sesong og eit høve, til dømes
gult eller grønt til påske
raudt, grønt og gull til jul
Kvalitet
Kvaliteten på serviettane varierer med pris og bruksområde.
Papirserviettar med 1–3 lag er rimelege og eignar seg til enkle brett. Dei er tynne med lite hald og eignar seg dermed ikkje til alle brettemetodar. Dei er mykje brukt til frukost og lunsj.
Ikkjevovne/stoffliknande eingongsserviettar er litt dyrare serviettar som ser ut og oppfører seg som stoff. Dei er stive og eignar seg til fleire brett og litt høgde. Dei blir gjerne brukte til à la carte og finare dekkingar.
Tøyserviettar med stivelse blir opplevd som meir eksklusive og er betre eigna for avanserte brettingar. Dei kan vaskast og gjenbrukast. Desse serviettane blir brukte til fine høve og serveringsstader med høg standard.
Grunnreglar i bretting
Ha alltid reine hender.
Arbeid på ei rein og flat overflate.
Alle serviettar skal vere heile, reine og glatte.
Om du bruker tøyserviettar, må dei strykast først.
Brett nøyaktig og presist slik at alle serviettane ser like ut ved bordet.
Når du brettar serviettar til ein à la carte-restaurant, er det lurt å velje ein brettemetode som gjer det mogleg å oppbevare servietten fram til han skal brukast.
Vanlege brettemetodar
Serviettane kan vere bretta på ein enkel og stilrein måte, eller dei kan vere meir kunstferdige og komplisert bretta. Her er høvet og ferdigheitene til servitøren med på å bestemme kva utforming servietten får til slutt.
Film: Bretting av pyramide
I filmen under (lengde 1:04) kan du lære deg å brette ein pyramide av tøyserviett. Framgangsmåten blir også forklart steg for steg i ei liste lenger ned.
Film: Bretting av halv vifte
Halv vifte, eller halvmånevifte som ho òg blir kalla, er ein mykje brukt brettemetode. Lær deg korleis han blir bretta i denne filmen (lengde 1:35). Framgangsmåten blir også forklart steg for steg i ei liste lenger ned.
Tenk over
Kva fargar på servietten ville du ha valt til ein sommarbuffé og kvifor?
Kva fargar på servietten ville du ha valt til ein haustmiddag og kvifor?
I kva situasjonar eller høve ville du ha brukt papirserviettar?
Kva er fordelen med å bruke tøyserviett framfor papirserviett?

