Salatlauk - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Salatlauk

Salatlauk er stor av vekst og mild på smak. Han blir dyrka i Noreg, og det er svært liten import ut over sesongen, som varer frå juli til oktober.

Lagring

Salatlauk bør lagrast mellom 2 og 4 gradar. Han kan oppbevarast i ein plastpose eller i ein tett plastboks. Salatløk har kortare haldbarheit enn vanleg lauk.

Bruksområde

Fordi salatlauk har kortare haldbarheit enn vanleg lauk og òg inneheld òg meir vatn enn slik lauk, er han dårlegare eigna til steiking i panne. Han er likevel god rå i salatar, på hamburgaren eller i anna vi nyttar rå lauk til.

Eigenskapar

Salatlauk inneheld som annan lauk noko vitamin A, B og C i tillegg til mineral.

Salatlauken er fattig på energi, men rik på kostfiber. Mykje er i form av inulin, eit fiberstoff som òg gir lauken den søte, milde smaken.

Kvalitetskrav

Salatlauk skal vere heil, rein og fri for frostskadar. Det skal heller ikkje vere mugg eller ròte på han. Salatlauk skal ha ei blank og smidig ytterside, og det grøne graset skal ikkje vere vissent. Salatlauk skal ikkje ha spirer.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020