Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Salatar

Det finst ei rekke ulike typar salat for alle smakar. Vi kombinerer gjerne ulike typar for å få den kombinasjonen vi liker av både smak og lekre fargar.

Salat i Noreg

I dag finst det eit stort utval salatsortar i butikkane. Frå milde og lysegrøne hovudsalatar som isbergsalat til mørkare og meir smaksrike småblada salatar, som rukkola. Ulike salatar har ulike eigenskapar og smakar, og det er derfor ofte godt å blande dei. Salatar kan òg kjøpast i blandingar, ferdig vaska og klar til bruk.

Frisk salat er tilgjengeleg heile året. Han held seg best viss han blir lagra i kjøleskapet (mellom 2 og 4 gradar), helst pakka inn i plastpose eller plastboks.

Salat er veldig utsett for uttørking – spesielt sortar med lause blad rundt hovudet. Salat som begynner å bli slapp, kan vi friske opp ved å skjere av ein bit av rotenden og legge salathovudet ei stund i kaldt vatn.

Salattypar

Vi deler salat inn i to grupper. Den eine er Lactuca sativa, som omfattar vanleg hovudsalat, isbergsalat og fleire andre sortar. Felles for desse salatane er at dei har ein mild og fin smak.

Den andre gruppa er Cichorium, som omfattar mellom anna radicchio rosso, eskaroll og frisée. Felles for salatane i denne gruppa er den meir eller mindre bitre smaken.

Næringsinnhald

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om salatar

I filmen under (lengde 2:18) kan du lære meir ulike salattypar og få tips til korleis dei kan lagast til.

Ulike salattypar og korleis du behandlar dei. Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Lactuca sativa og Chicorium
engelsk: lettuce
tysk: Salat
fransk: laitue

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 04.02.2026