Omnsbaking - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Omnsbaking

Å omnsbake betyr å steikje ei råvare i tørr varme. Dette går føre seg i ein omn og variasjonane er mange. Høg varme, låg varme, langtidsbaking og korttidsbaking er alle prosessar som gir vidt ulike resultat. Det er som regel råvara som avgjer kva temperatur og steikjelengde du bør nytte.
Video: Moxey AS / CC BY-SA 4.0

Så å seie alt kan bakast i omn, men det er viktig å kjenne eigenskapane til dei ulike råvarene slik at dei får den rette tillaginga.

Omnsbaking av fisk

Viss fisk får for mykje varmebehandling, blir det fort tørt. Dette ønskjer du sjølvsagt å unngå, derfor kan det vere smart å ha låg temperatur når du omnsbaker fisk. Det gir mindre intens varme, noko som vil gi ei jamnare steiking. Dette vil gjere at du har betre kontroll, og sannsynet er større for at du oppnår eit saftige resultat.

Ovnsbaking av kjøt

Kjøt er ikkje berre kjøt. Dei ulike stykkingsdelane treng ulik kjernetemperatur for å oppnå eit vellykka resultat. Derfor bør temperaturen i omnen planleggjast nøye. Ein indrefilet av okse kan du fint omnsbake på høg temperatur gjennom heile prosessen og oppnå eit saftig og mørt resultat. Men tek du til dømes eit stykke høgrygg av okse, som treng høgare kjernetemperatur, men likevel ikkje må bli tørr, bør du starte med lågare varme i byrjinga, for så å skru opp temperaturen mot slutten.

Ovnsbaking av grønsaker

Grønsaker som blir bakte i omn, gir fantastiske smakar. Dei fleste grønsaker inneheld naturleg sødme, derfor vil det vere mest naturleg å omnsbake grønsaker på høg temperatur, slik at desse smakane kjem endå betre fram. Omnsbaker du gulrøter på høg varme, får du ikkje berre ein ekstra god smak på steikjeskorpa, men den naturlege smaken blir framheva – grønsaka blir endå meir konsentrert og saftig.

Skrive av Kjartan Skjelde.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020