Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Line fikser maten: Kjøtt

I serien Line fikser maten utforskar Line Elvsåshagen miljøkonsekvensane av den moderne matproduksjonen i Noreg. I denne episoden (lengde 34:20) tek ho ein nærare titt på produksjonen av oksekjøtt.

Refleksjonsspørsmål

  1. Den enorme kjøttproduksjonen er ei belastning for klimaet vårt, og vi menneske kan fint ha eit fullverdig kosthald utan å ete kjøtt. Er det då forsvarleg å halde oppe denne kjøttproduksjonen og drepe så mange dyr?

  2. Har det i dag vorte for stor avstand mellom forbrukar og dyr? Veit vi for lite om kor mykje tid, arbeid, ansvar og ressursar som trengst for å produsere mat?

  3. Det å ete kjøtt har lange tradisjonar i Noreg og er ein del av matkulturen vår. Er det no på tide å endre på matkulturen? Kvifor eller kvifor ikkje?

  4. Er det fornuftig at eldre på sjukeheimar blir serverte vegetarbollar i staden for kjøttbollar til middag? Kvifor eller kvifor ikkje?

  5. Synest du det er rett eller gale å dyrke fram kunstig kjøtt i eit laboratorium? Grunngi svaret ditt.

Skrive av Therese Hansen Federl og Jannike Gausdal.
Sist oppdatert 06.05.2026