Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Jødisk mat

Jødane har reglar for kva for typar mat og drikke som er tillatne og ikkje tillatne. Mat som oppfyller dei religiøse reglane i jødedommen, blir kalla kosher. Kosherreglane skildrar kva som er lov å ete, og korleis maten skal lagast.

Reglar for kosthald

Korleis vi stiller oss til dei forboda og påboda som religion gir, varierer frå person til person. Dette gjeld òg reglar for kosthald. Ein finn derfor store variasjonar i kosthaldet til medlemmer av same religion.

Når du arbeider i restaurant- og matbransjen, har du behov for kunnskap slik at du kan legge til rette for at jødar får koshermat dersom dei ønsker det.

I kantina kan du kanskje kjøpe landgang med ost og skinke. Dette er mat som mange jødar ikkje ville velje, både fordi han inneheld svinekjøtt, og fordi det strid mot kosherreglane å ete kjøtt og mjølkeprodukt i same måltid.

Jødar har også reglar matlaging. Reiskapar og kjøkkenutstyr som blir brukte til kjøtt, skal ikkje brukast til mjølkeprodukt. Derfor har mange to sett med kjøkkenutstyr: eitt til kjøttmat og eitt til mjølkemat. Nokre har også eigne oppvaskkummar for kjøtt- og mjølkeutstyr.

Sabbat

I jødedommen er sabbaten ei høgtid kvar veke. Ordet kjem av det hebraiske ordet schabbath som tyder "å halde opp med" eller "kvile". Sabbaten strekker seg frå solnedgang fredag kveld til solnedgang laurdag kveld. Husmora velsignar og tenner sabbatslysa. Husfaren velsignar vinen og skjer sabbatsbrødet. Måltidsfellesskapen er heilag for ein jødisk familie. Husmora har svært mykje å seie når det gjeld å vareta jødiske skikkar. Etter tradisjonen sluttar sabbaten når tre stjerner viser seg på himmelen laurdag.

Kosherreglane

  • Alt som veks i jorda, mjølk og mjølkeprodukt frå tillatne dyr og egg frå tillatne fuglar er lov.
  • Pattedyr som er drøvtyggarar og har delte klauver, kan etast. Det kan dermed ikkje svin, hest og kamel.
  • Berre tradisjonelt oppdretta fuglar som høns, gjæser, ender, duer og kalkunar er lov. Rovfuglar er ikkje tillatne.
  • Både mjølke- og kjøttprodukt er lov, men må ikkje blandast.
  • Pattedyr og fuglar må vere slakta på jødisk vis (sjekting).
  • Berre fisk som har skjel og finnar, er kosher.
Skrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist oppdatert 26.06.2026