Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Framstilling av meieriprodukt

Lær å lage smør, eggost, rømme og yoghurt, og sjå kva som skjer med mjølk etter eitt døgn i romtemeratur.

I desse oppgåvene skal du lære å lage:

  • rømme
  • yoghurt
  • eggost/kokaost
  • smør av rømme
  • smør av fløyte

I tillegg skal du finne ut kva som skjer med ubehandla mjølk (om du har tilgang på det), pasteurisert mjølk og ultrapasteurisert mjølk ved lagring i romtemperatur over lengre tid.

Råvarer du treng:

  • heilmjølk
  • kulturmjølk
  • rømme
  • fløyte
  • yoghurt
  • ubehandla mjølk

Tips! Det er ein fordel om du har gått gjennom framstilling av mjølkeprodukt og råvarebehandling av mjølk, før du gjer desse oppgåvene.

1 Rømme

Du treng:

  • 3 dl kremfløyte
  • 1 ss rømme / crème fraîche

Slik gjer du:

  1. Hell fløyten i eit heilt reint glas, eventuelt ein stålbolle.
  2. Ha i rømmen eller crème fraîchen.
  3. Rør godt.
  4. Dekk til bollen.
  5. La blandinga stå på kjøkkenbenken i romtemperatur (ca. 20 gradar) i 20–24 timar til rømmen har tjukna.
  6. Ta vare på rømmen i kjøleskåp. Her skal han tjukne endå litt til.

2 Yoghurt

Du treng:

  • 1 liter mjølk
  • 3 ss yoghurt naturell
  • reine syltetøyglas (eller liknande)

Slik gjer du:

  1. Varm opp mjølka i ein kjele under stadig omrøring til ho når 82 gradar. Bruk gjerne eit digitalt termometer.
  2. Ta kjelen av plata, og la mjølka kjøle seg ned til 42 gradar. Tips: For å kjøle ned mjølka raskare kan du fylle vasken med kaldt vatn og setje kjelen der.
  3. Varm opp steikjeomnen til 40 gradar, eller set på sirkulator på 40 gradar.
  4. Tilset om lag 3 store skeier yoghurt, og pisk dette godt inn i mjølka.
  5. Fyll blandinga over i reine syltetøyglas eller liknande. Skru att og plasser yoghurtglasa midt i omnen i om lag 7–10 timar (kan stå til neste dag). Jo lenger yoghurten står, desto syrlegare blir han. Smak deg fram, og ta glasa ut av omnen når du er nøgd.
    NB: Ikkje rør for mykje i yoghurten. Då blir han meir flytande.
  6. Set yoghurtglasa i kjøleskåpet i om lag 6–12 timar slik at yoghurten tjuknar. No kan du røre i yoghurten slik at han får ein jamnare konsistens.

TIPS: Ønskjer du ein tjukkare yoghurt (som gresk yoghurt), kan du fjerne noko av væska (mysa) ved å sile yoghurten gjennom til dømes eit kaffifilter. Dette kan ta ein time eller to, og du kan derfor med fordel setje yoghurten i kjøleskåpet. Mysa som renn av, kan du bruke i til dømes brødbakst.

3 Eggost/kokaost

Du treng:

  • 1,25 l heilmjølk
  • 2,5 dl kulturmjølk (så fersk som mogleg)
  • 1/2 ts salt
  • 1 egg
  • 2–3 ss sukker
  • kanel

Slik gjer du:

  1. Varm opp mjølka til 85 gradar.
  2. Rør inn kulturmjølka. Varm opp på nytt til kokepunktet.
  3. Ta kasserollen av kokeplata. Utfellinga skal no vere godt i gang. Rør forsiktig med jamne mellomrom.
  4. Tilset salt.
  5. Mens utfellinga går føre seg, gjer du klar gasduken ved å plassere ho i ein sil eller på eit stativ. Etter 5–10 minutt skal mysa ha fått ein gjennomskinleg gulgrøn farge og er klar til å ausast over i duken.
  6. Aus heile ostemassen og mysa over i gasduken.
  7. La massen renne godt av i 10 minutt. Klem av og til litt på duken.
  8. Hell is i ein stor bolle, og plasser ein mindre stålbolle oppi. Hell massen over i ein den vesle bollen. La massen avkjøle seg i 5–10 minutt.
  9. Visp saman egg og sukker med gaffel, og bland dette inn i ostemassen.
  10. Aus massen over i ei serveringskål når han er ferdig avkjølt.

NB: Restproduktet her er myse. Denne kan anten brukast til å lage prim/brunost eller brukast som væske i vaffelrøre eller brødbakst.

4 Smør av rømme

Du treng:

  • 6 dl seterrømme
  • salt

Slik gjer du:

  1. Visp rømme i ein miksar i ca. 20 minutt til rømmen har skilt seg. Du kan godt la det mikse lenger, men pass på at det ikkje blir så varmt at rømmen/fløyten smeltar, då vil du nemleg ikkje kunne få ut smørfeittet.
  2. Press ut så mykje væske du kan med hendene. Denne væska heiter kjernemjølk. Det er vanleg å vaske smøret i reint kaldt vatn for å kvitte seg med mest mogleg kjernemjølk.
  3. Smak til med salt. Elt saltet godt inn i smøret.

5 Smør av fløyte

Du treng:

  • 0,5 l kald kremfløyte
  • 1/4 ts salt

Slik gjer du:

  1. Visp kremfløyten til han skil seg.
  2. Samle og kna smørmassen. Klem ut kjernemjølka.
  3. Ta vasstesten for å sjå at all kjernemjølka er ute. Legg smøret i iskaldt vatn. Smøret er ferdig når vatnet er blankt og det ikkje lenger siv kjernesmør ut.
  4. Kna salt inn i smøret. Saltet vil ta ut det vatnet som er att. Du vil fort kjenne at saltet smeltar inn i smøret.
  5. La smøret kvile ein kald stad i alle fall ein times tid.

6 Kva skjer med mjølk i romtemperatur?

Du treng:

  • 2 dl langtidshaldbar heilmjølk
  • 2 dl vanleg heilmjølk
  • 2 dl ubehandla mjølk frå ein lokal gard

Slik gjer du:

  1. Hell mjølketypane i kvart sitt glas med lok.
  2. La produkta stå tildekte i romtemperatur til neste dag.
  3. Noter kva som har skjedd med produkta over natta. Tør du smake forskjellen?
Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist oppdatert 29.04.2026