Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kjernefrukter

Fagstoff
Video

Eple

Eple er ei frukt kjend heilt frå steinalderen og finst i dag i eit ukjent antal variantar. Opphavleg kjem eplet frå Asia.

Litt eple-historie

Vi kjenner jo frukta frå bibelhistoria, der Eva freistar Adam med eit eple, sjølv om dette antakeleg var eit granateple. Eple har eit tynt etande skal som kan vere grønt, gult, gulraudt, raudt eller kombinasjonar av desse.

Fruktkjøttet er fast, og i midten av eplet er det eit kjernehus som blir fjerna når eplet skal brukast til matlaging. Her i landet var det munkane som først starta med fruktdyrking. Dei forstod fort at Hardanger var ein veleigna stad for dette, og sidan har det blitt dyrka eple heilt opp til Møre og Romsdal.

Variantar

Det finst mange tusen ulike eplevariantar framavla i ulike land og tilpassa dei lokale dyrkingsforholda. Dette gjer at det stadig kjem nye variantar på marknaden, og at gamle sortar går ut. Hos oss er det viktig at eplesorten har gode smakseigenskapar og er veleigna for langtidslagring. Dei saftige sortane vi dyrkar i dag, er eit resultat av langvarig dyrking og foredling.

Dei viktigaste norske sortane er summerred, aroma, gravenstein, raud aroma, julyred, åkerø, discovery, raud prins / kronprins, lobo, caroll og geneva early.

Sesong og lagring

Den norske sesongen strekker seg frå august til desember. Haldbarheita på eple kan variere ein del alt etter sorten, dyrkingslandet og lagringsvilkåra. Eple kan lagrast i månadsvis på veleigna lager. Den ideelle lagringstemperaturen er mellom 1 og 2 gradar.

Bruksområde

Eple blir etne . Smaken varierer noko etter dei ulike sortane og modningsgrada, men òg etter det individuelle forholdet mellom syre, sukker og aromastoff. Vi bruker eple i fruktsalatar, til ost eller i paiar. Vi kan tilrå steikte eller bakte eple med nøtter og rosiner, for ikkje å gløyme eplegraut, eplemos og eplekake.

Kvalitetskrav

Eple skal vere faste i konsistensen og fri for støytskadar. Dei skal vere heile, ha stilken på og vere utan teikn til innskrumping eller mørke flekkar. Kvaliteten kan variere etter sort og dyrkingsstad, men storleiken i kassa skal vere jamn. Det er òg verd å merke seg at dei fleste norske sortar bør ha ein lang og varm sommar for å få best smak og utsjånad.

Næringsinnhald

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om eple

I filmen under (lengde 1:56) kan du lære meir om eple og få tips til korleis dei kan bli laga til og serverte.

Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0

Relatert innhald

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 04.03.2026