Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kjernefrukter

Fagstoff

Pærer

Pære er ei av dei eldste fruktene vi kjenner til, og ho skal ha blitt dyrka allereie 3 000 år f.Kr. Her i landet har frukta vore kjend sidan mellomalderen, og ho finst i dag i ei rekke ulike variantar. Mesteparten av dei pærene som blir selde i Noreg, er importerte.

Dyrking og lagring

Pærer krev eit varmare og tørrare klima enn eple, og produksjonen i Noreg er liten. Dei fleste pærene er grøne i skalet, men det finst òg raude, brune og gulgrøne. Fruktkjøttet er kvitt og hardt før pæra er moden. Moden pære er mjuk og saftig med aromatisk smak.

Den norske sesongen strekker seg frå september til oktober. Haldbarheita til pærer kan variere ein del alt etter sort, dyrkingsland og lagringsvilkår. Det er viktig å halde temperaturen så låg som mogleg, helst mellom 1 og 2 gradar, og ha rett luftfukt.

Bruksområde

Pæra blir eten naturell. Ho smaker best moden og kan på ein enkel måte ettermodnast i romtemperatur viss ho er hard. Er pæra moden, bør ho ikkje ligge lenge før ho blir ete. Pære passar fint som mellommåltid, etter eit måltid eller saman med ost. Pære kan òg brukast i fruktsalat, i bakverk, dessertar og paiar, og ho kan hermetiserast.

Kvalitetskrav

Pærer skal vere faste i konsistensen og fri for støytskadar. Dei skal vere heile, ha stilken på og ikkje vise teikn til innskrumping eller mørke flekkar i skalet. Kvaliteten kan variere etter sort og dyrkingsstad. Form, farge og smak skal vere typisk for sorten, og storleiken i kassa skal vere jamn.

Næringsinnhald

Pæra er fiberrik og mager. Ho inneheld litt mineral og vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 04.03.2026