Oppgave
Bakarspråket
Filmen handlar om ulike arbeidsmetodar knytte til baking. Metodane blir demonstrerte og forklarte med tydeleg bruk av omgrep.
- utmalingsgrad
- elte
- liggjetid
- emne
- oppslag
- raske
- stryke
- snitte
- herteomn
- Kva meiner vi med utmalingsgrad?
- I filmen blir sikta kveitemjøl nemnt. Prøv å finne ut kva sikta mjøl er for noko.
- Kva skjer under elteprosessen?
- Kva konsekvensar har det for elteprosessen om du bruker fint eller grovt mjøl?
- Korleis kan du sjekke konsistensen på deigen?
- Kva skjer under liggjetida?
- Kva er forskjellen på emne og oppslag?
- Kvifor er det viktig at emna blir vegne?
- Forklar omgrepet raske.
- Kva ingrediensar påverkar hevinga?
- Kvifor er det best å bruke rugmjøl dersom ein skal strø mjøl over brødet før steiking?
- Kvifor blir bakst snitta før steiking?
- Kva blir ein herteomn til?
- Varme bakevarer blir pakka i papir. Kvifor?
Relatert innhald
Fagstoff
Korleis lage ein gjærdeig – del 1Ein gjærdeig består i hovudsak av deigvæske, mjøl, salt og gjær. Å lage ein gjærdeig er ein omstendeleg prosess som går føre seg i fleire trinn.
Fagstoff
Korleis lage ein gjærdeig – del 2Ein gjærdeig består i hovudsak av deigvæske, mjøl, salt og gjær. Å lage ein gjærdeig er ein omstendeleg prosess som går føre seg i fleire trinn.