Kulturell appropriasjon - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kulturell appropriasjon

For handverksutøvarar er det viktig å vere klar over og respektere tradisjonskunnskapen i ulike kulturar. Når ein deler tradisjonskunnskap, er det forventa at kunnskapen blir forvalta på ein god måte. I denne samanhengen er det viktig å kjenne til omgrepet kulturell appropriasjon.

Kva betyr kulturell appropriasjon?

Vi bruker omgrepet når medlemmer av ei folkegruppe tek over element frå kulturen til ei anna folkegruppe. Uttrykket blir spesielt brukt når det er ei majoritetsgruppe som bruker kulturen til ein minoritet på denne måten, og det blir i dag ofte brukt om misbruk av den kulturelle produksjonen til andre (Hylland Eriksen, 2020).

Appropriasjon

Det finst døme på korleis bedrifter og utøvarar har brukt og bruker tradisjonane eller særeigenheitene til ulike kulturar for å tene pengar eller for å marknadsføre seg. Når det blir snakk om kopiering og lån frå andre kjelder til eigen produksjon, bevegar vi oss i retning av appropriasjon. Appropriasjon vil seie at ein utøvar med vilje låner og bruker idéar, motiv, teknikkar, materiale eller formspråk frå andre (Mørstad, 2021).

I kunstverka Andy Warhol – After Munch gir Warhol att Munchs motiv i nye bilete. Warhol låner motiv frå Munch innanfor ein felles kultur. I 2018 vart desse bileta viste fram i ei utstilling på Munch-museet: Andy Warhol – After Munch.

Tenk over / diskuter

Kva er forskjellen på å kopiere og å hente inspirasjon frå arbeida til andre? Kvar går grensa?

Kulturell appropriasjon

Viss du låner frå andre kulturar enn din eigen, må du vere meir merksam. Kulturell appropriasjon skjer som sagt når ei folkegruppe tek over og misbruker den kulturelle produksjonen til ei anna folkegruppe, til dømes ved å kopiere og bruke symbola, klesdraktene, musikken eller rituala deira direkte eller indirekte. Kulturell appropriasjon skjer gjerne i samfunn der har større makt enn , ofte på grunn av kolonialisme. Kolonialisme er når eit land erobrar og kontrollerer eit anna område eller eit folk utanfor deira eige territorium (Hylland Eriksen, 2020).

I det fleirkulturelle samfunnet i Noreg har vi døme på kulturell appropriasjon. I Noreg vart blir områda til samane gradvis kolonialiserte. Fornorskingspolitikken førte til at mange mista språk, identitet og stoltheit over sin eigen kultur. Den samiske kulturen vart sett på som mindre verd enn den norske, og majoriteten fekk makt over minoriteten.

Tenk over / diskuter

Åndsverkslova vernar design kvar enkel bedrift eller person har laga, dersom ein har søkt patent på designet.

Kva med eit produkt eller eit symbol som er utvikla og blir brukt kollektivt av ei folkegruppe?

Kven bør produsere og tene pengar på dette produktet eller symbolet?

Kan du komme på nokon produkt som har opphav i ein bestemd kultur, og som er industrielt framstilte?

Døme på haldningsendring

Det norskeigde selskapet Nortura produserte i mange år kjøttbollar som heitte "Joikakaker". Etter kritikk frå det samiske samfunnet om at produktet gav eit gammaldags og stereotypisk bilete av samane, bytta Nortura namn og design på produktet.

I samfunnet vårt skal alle menneske vere likestilte og ha like rettar. Noreg har bidrege til dette ved å vere eit av landa i verda som har underteikna ILO-konvensjonen om rettane til urfolk. Konvensjonen gir urfolk rett til mellom anna å delta i avgjerdsprosessar som gjeld kulturen og levesettet deira (FN-sambandet, 2020).

Ein del av utviklinga mot eit meir likestilt samfunn handlar om at urfolk og minoritetar sjølve skal ha makt til å utvikle sin eigen kultur og tradisjonar, og at majoriteten respekterer dette ved å gjere nødvendige endringar. Nortura viste eit godt døme då dei følgde opp kritikken frå det samiske samfunnet og endra namnet og designet på "Joikakakene".

Kjelder

FN-sambandet. (2020). ILO-konvensjonen om urfolks rettigheter. https://www.fn.no/om-fn/avtaler/urfolk/ilo-konvensjonen-om-urfolks-rettigheter

Hylland Eriksen, T. (2020, 24. august). Kulturell appropriering. I Store norske leksikon. https://snl.no/kulturell_appropriering

Mørstad, E. (2021, 10. oktober). Appropriasjon. I Store norske leksikon. http://snl.no/appropriasjon

Relatert innhald

Skrive av Sara Inga Utsi Bongo.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022