Idédugnad ved hjelp av tankekart

Tankekart
Du kan jobbe med tankekart individuelt, men denne metoden er aller best eigna til bruk i grupper fordi de då kan bygge vidare på idéane til kvarandre. Målet med tankekart er at du får samla og skrive ned flest mogleg ord eller teikna illustrasjonar rundt temaet eller problemstillinga. Den eine assosiasjonen fører til neste, og når du går tom for ord og idéar, kan du byrje å skrive nye assosiasjonar til orda du allereie har skrive.
Film om tankekart og idédugnad
Det er lettare å finne gode idéer når vi samarbeider og kan bygge vidare på forslaga til kvarandre. I filmen under (lengde 0:47) ser vi korleis eit tankekart kan hjelpe oss til å organisere idémyldringa.
Sorter idéane fritt og visuelt
Når du lagar eit tankekart, kan du hoppe fram og tilbake mellom dei ulike greinene du har visuelisert i det. Der oppdagar du kanskje tilfeldige koplingar mellom ord, og det kan gi deg nye idéar. Her er nokre tips om korleis du kan jobbe med tankekart som kreativ metode.
- Bruk ulik farge på dei ulike underkategoriane.
- Kople saman ord frå dei ulike greinene for å skape uventa, nye og spennande idéar.
- Du skriv ned minst eitt ord før du sender pennen vidare til neste på gruppa, som igjen skriv og sender pennen vidare. Då sikrar de at alle er aktive og får bidra.
- Alle lagar sitt eige tankekart, og når du går tom for ord, sender du arket vidare til ein medelev. Til slutt har alle i klassen eller gruppa bidratt på tankekartet ditt.
- Del inn i grupper på fire til seks elevar. Kvar gruppe får kvar sin farga tusj. Det skal vere like mange tankekart som grupper, og de fordeler arka rundt i klasserommet. Heng tankekart på vegg, legg på golvet og plasser på ulike bord. Den som leiar, startar musikken, og kvar gruppe skriv så mange ord dei klarer. Når musikken blir stoppa, må alle slutte å skrive og gå til neste tankekart. Hald fram til alle har jobba på alle arka. Det er om å gjere at gruppa sin farge dekker mest mogleg av arka.
- Set ring rundt dei mest spennande idéane eller la andre gjere det, og jobb vidare med berre dei orda.
- Bruk eit bilete i senter i staden for å skrive ned tema eller problemstilling.
- Skriv ut bilete som har noko med temaet å gjere. Dersom du skal planlegge og lage eit produkt, kan det vere bilete av ulike materiale, teknologi, teknikkar, fargar eller handverk. Når du går tom for assosiasjonar, plukkar du eitt bilete og ser om du kjem på nye idéar.
- Arbeid ein annan stad enn du vanlegvis gjer. Vel ein stad som inspirerer. Det kan vere på biblioteket, på ein kafé, i parken eller ein skaparverkstad.
- Vel ein som skriv ned alle idéane på eit tankekart, medan resten av gruppa deler idéane munnleg. Referenten må skrive raskt. Alle idéar er gode idéar. Ville, ekstreme og umoglege idéar blir verdsette.
- Jobb ut frå kunden eller målgruppa i senter. Skriv informasjon eller kjenneteikn på målgruppa og behova deira. Kva er ønska og rammene til kunden? Skriv ned tankar og idéar som dukkar opp.

Tankekart som læringsstrategi
Tankekart blir brukte i denne samanhengen for å skape nye idéar, men du kan òg bruke tankekart som læringsstrategi for få repetere eller få overblikk over eit nytt emne, omgrep eller fagstoff.