Film og filmklipp
Kjeldekritikk
I jakta på informasjon må vi vere kritiske. I denne videoen får du nokre enkle råd om korleis du kan kvalitetssikre informasjon:
Video: Odd Magne Myre / CC BY-SA 4.0
- Finn ut kven som er avsendar.
- Kvifor er nettsida etablert?
- Bruk alltid meir enn ei kjelde!
Ein måte å vurdere informasjon på er å bruke TONE:
- Truverdigheit
- Objektivitet
- Nøyaktigheit
- Føremålstenleg
TONE. Video: Even Sandvold Roland, Tonje Thilesen / CC BY-SA 4.0
Tenk over og diskuter:
Har du blitt forsøkt lurt på internett? Klarte du å avsløre bløffen? Korleis kan ein unngå å bli lurt? Del dine opplevingar og tankar med sidemannen.