Fagartikkel
Ittens sju fargekontrastar
Å kjenne til korleis fargane påverkar kvarandre gjennom kontrastar, er viktig når du skal jobbe med fargar. Johannes Itten deler fargekontrastane inn i sju grupper. Desse har ulike eigenskapar. Ved å bruke dei bevisst kan du forsterke det uttrykket du ønsker.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0
Kontrast betyr motsetnad. Eit døme kan vere liten og stor. Fargekontrastar kan framheve og forsterke ei form. Auget vårt blir trekt mot dei stadene der kontrastane er størst.
Kontrastfargar kan skape liv og rørsle, alt etter korleis du set dei saman.
Johannes Ittens sju fargekontrastar:
Orsak, ein feil oppstod ved lasting av H5P. Prøv å laste inn sida på nytt.