Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Ittens fargelære

Det finst ulike måtar å dele inn og beskrive fargar på. Johannes Itten har skapt ei fargelære som blir mykje brukt. Fargesirkelen til Itten har rein gul, raud og blå som utgangspunkt. Ittens fargelære kan hjelpe oss med å forstå fargeblanding og korleis fargar kan skape harmoni og kontrastar.

Johannes Itten (1888–1967)

Johannes Itten studerte fargar heile livet. Han undersøkte korleis store målarar brukte fargar, og han eksperimenterte systematisk med korleis fargar verkar på kvarandre.

Den som vil vere fargemeister, må sjå, føle og oppleve kvar enkelt farge og dei uendeleg mange kombinasjonane han kan ha med alle andre fargar.» (Johannes Itten)

Dette sitatet finn vi i forordet til den japanske utgåva av Fargekunsten, som kom ut i 1964.

  1. Diskuter med ein medelev kva de trur Itten meinte med dette sitatet.
  2. Del nokre tankar om dette med resten av klassen.

Film om Ittens fargelære

I filmen under (lengde 3:56) får du ei kort innføring i Ittens fargelære og ei beskriving av korleis han har bygd opp fargesirkelen sin.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Ittens fargesirkel

Itten utvikla ein fargesirkel som har rein gul, raud og blå som utgangspunkt. Vi kan blande fram dei andre kulørte fargane. Sirkelen kan hjelpe oss til å finne harmoniar og kontrastar.

Ittens fargesirkel er delt opp i:

  • 3 primærfargar: raud, gul og blå

    Dei kallast også grunnfargar, fordi det er fargar som ikkje er laga av ei fargeblanding.

  • 3 sekundærfargar: oransje, fiolett og grøn, som er blandingar av to primærfargar

  • 6 tertiærfargar: blanding av ein primærfarge og ein sekundærfarge, som guloransje, raudfiolett og blågrøn.

Når du blandar måling, må du vere klar over at du får ein gråbrun farge viss du blandar alle tre primærfargane (blå, raud og gul).

Skrive av Kari Roksvaag Rønning, Iselin Myklebust og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 22.06.2026