Fargeoppleving

Film om fargeoppleving
I filmen under (lengde 5:46) lærer du korleis fargeopplevinga vår er avhengig av lys, av auga våre, og av korleis hjernen tolkar signala. Vi ser òg på korleis ein farge blir påverka av fargane han står saman med, og korleis fargesymbolikk kan variere i ulike kulturar.
Oppsummer saman med ein medelev
Kva skal til for å oppfatte fargar?
Korleis kan farge skape illusjon av djupne eller skape stemning?
Kan de gi døme på fargesymbolikk?
Oppgåve 1: Fargar og oppleving av storleikar
Påstand 1: Ei flate verkar større når ho er omgitt av ei lys flate, men mindre om ho er omgitt av ei mørk flate.
Legg ut ei grå, ei kvit og ei svart fargeflate ved sida av kvarandre. Desse må vere større enn dei små fargebitane, men det er ikkje noko fasitsvar på kor store dei skal vere. Har du grå, kvite og svarte A4-ark, kan du bruke desse som dei er. Vil du klippe til kvadrat, er til dømes 10 x 10 cm ein god storleik.
Vel ut tre små, gule fargebitar. Legg fargebitane i midten oppå den grå, på den kvite og på den svarte flata.
Opplever du det som blir hevda i påstanden?
Skriv ned di vurdering av effekten.
Den grå, den kvite og den svarte papirbiten fungerer som bakgrunnar for dei små, gule papirbitane. Kva skjer med same farge på ulike bakgrunnar?Vel ut tre raude av dei små fargebitane. Legg dei i midten oppå den grå, på den kvite og på den svarte flata.
Opplever du det som blir hevda i påstanden?
Var opplevinga ulik frå testen med dei gule fargebitane?
Skriv ned di vurdering av effekten.
Den grå, den kvite og den svarte papirbiten fungerer som bakgrunnar for dei små, raude papirbitane. Kva skjer med same farge på ulike bakgrunnar?
Oppgåve 2: Fargar påverkar kvarandre
Påstand 2: Ein farge blir opplevd ulikt alt etter kva andre fargar han står saman med.
Legg ut ein blå, ein raud og ein lilla av dei store fargeflatene, og plasser dei ved sida av kvarandre.
Vel ut tre av dei små fargebitane i same farge. Legg fargebitane i midten av kvar av dei store.
Skjer det noko med korleis kvar fargebit blir opplevd?
Opplever du det som blir hevda i påstand 2?
Skriv ned di vurdering av effekten.
Ein farge blir opplevd annleis alt etter bakgrunnsfargen. Prøv sjølv med ulike kombinasjonar.Behald dei store fargebitane som i oppgåve A, men byt dei små ut med komplementærfargane til bakgrunnen.
Opplever du det som blir hevda i påstand 2?
Blir det forskjell frå testen du gjorde i 2A?
Skriv ned di vurdering av effekten.
Kva skjer med fargeopplevinga viss du bruker komplementærkontrastar?
Oppgåve 3: "Den typiske fargen"
Påstand 3: Opplevinga av fargar er subjektiv.
Alle flatene i denne oppgåva skal klippast ut som kvadrat eller rektangel. Bitane skal monterast på eit eige ark. Vel om du vil bruke eit kvitt, grått eller svart ark til å montere på.

Ta utgangspunkt i ein av favorittfargane dine. Mål ei flate av denne på arket.
Lag ein versjon du meiner er den typiske varianten av fargen din. Han du trur folk flest tenker på når dei skal sjå for seg denne fargen. Mål ei flate av denne på arket.
No skal du lage 5–7 variantar av denne fargen. Du kan velje om du blandar han med litt og litt av komplementærfargen, eller om du gjer fargen lysare, mørkare, varmare eller kaldare. Uansett, fargen skal kunne kjennast igjen som ein versjon av den fargen du hadde som utgangspunkt.
Klipp ut alle nyansane og monter dei på eit ark som du henger opp i klasserommet. La andre gjette kva nyanse du laga for å representere den typiske. Er dei einige med deg?
Korleis legg du merke til fargane rundt deg?
I romanen Alt lyset vi ikke ser skriv ein ung soldat eit brev heim til søster si:
... det jeg vil skrive om i dag, er havet. Det har så mange farger. Sølvgrått i grålysningen, grønt midt på dagen og mørkt blått om kvelden. Noen ganger virker det nesten rødt. Eller får samme farge som gamle mynter. Akkurat nå sleper skygger av skyer seg over det, og flekker av sol lyser opp overalt. Hvite snorer av måker strekker seg over havet som perler (Doerr, 2014, s. 487).
Tenk over
Tenk på ei oppleving du har hatt, der fargar var ein viktig del av synsinntrykket. Korleis påverka fargane deg?