Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Jord og gjødsling

Oppgåve

Refleksjonoppgåver om jord og gjødsling

Utforsk tema som kompost, mineralgjødsel og naturlege gjødselslag og dei praktiske utfordringane og fordelane ved vekstskifte.

Oppgåve 1. Kompost i kjøkkenhagen

  1. Tenk deg at jorda i kjøkkenhagen din er svært leirhaldig. Kva skjer med jordstrukturen når du blandar inn kompost frå hagen?

  2. Utforsk korleis kompost påverkar evna til å halde på vatn, drenering og næringsinnhald.

  3. Diskuter i grupper: Kva kan vere ulempene med å bruke for mykje kompost?

Oppgåve 2. Vekstskifte og grønsaksplanter

  1. Kva meiner vi med vekstskifte?

  2. Bruk døme for å forklare korleis vekstskifte fungerer i praksis.

  3. Korleis kan vekstskifte redusere sjukdomsrisiko og forbetre jordas kvalitet?

Oppgåve 3. Potet før gulrot – kvifor?

  1. Utforsk kvifor det kan vere ein fordel å dyrke potetar året før gulrøter på same areal.

  2. Kva effekt har potetdyrking på jordstrukturen, ugras og jordborne sjukdommar som kan påverke gulrotavlingane?

Oppgåve 4. Utfordringar med vekstskifte

Prøv å finne ut kvifor det kan vere vanskeleg for grønsaksdyrkarar å gjennomføre eit godt vekstskifte. Diskuter faktorar som jordareal, plantebehov, økonomi og tid. Kva kan vere gode løysingar for småskala- og stordyrkarar?

Oppgåve 5. Mineralgjødsel og tala på pakka

  1. Forklar kva tala 18–3–15 på ei mineralgjødselpakke står for. Kva betyr dei i praksis for plantevekst?

  2. Utforsk korleis ulike planter kan ha behov for gjødsel med ulike samansetjingar. Finn døme på avlingar som kan dra nytte av denne spesifikke blandinga.

Oppgåve 6. Raudkløver som gjødselslag

  1. Undersøk korleis raudkløver kan fungere som eit naturleg gjødselslag. Kva skjer med nitrogeninnhaldet i jorda når vi dyrkar raudkløver?

  2. Diskuter i grupper korleis slike grøngjødselplanter kan erstatte bruk av mineralgjødsel i ulike dyrkingssystem.

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 11.10.2024