Jordtypar
Mineraljord
Mineraljord stammar opphavleg frå fjellgrunnen under oss, altså frå det faste fjellet som finst under alt lausmaterialet som ligg oppå. Mineraljorda deler vi inn frå leirpartiklar, som er dei minste fraksjonane, opp til blokkar som er dei største. Mellom der finn vi silt, sand og grus.
Det er sjeldan at vi har jord som består av berre leire, berre silt, berre sand eller berre grus. Ofte er det ei blanding av fleire av desse mineralpartiklane. I tillegg er det innblanda organisk materiale, noko som er ein fordel for grønsaksproduksjon i både liten og stor skala.
Jordsmonn
Vi definerer omgrepet jordsmonn som dei jordlaga av lausmassane som er påverka av rotvekst, temperatur, vêr og klima, jordarbeiding og topografi. Dette betyr at jordsmonnet nokre stader kan gå djupt ned i bakken, mens andre stader kan det vere relativt grunt.
Aggregat
Organisk materiale er restar av planter og dyr som blir brotne ned av meitemark, insekt og andre organismar i jorda. Dette materialet hjelper til med å binde mineralpartiklane saman til klumpar eller aggregat.
Sandjord
Sandjord eignar seg godt til grønsaksproduksjon fordi ho tørkar raskt opp om våren og etter nedbør. Ho har òg den eigenskapen at ho blir varm. Sandjord iblanda organisk materiale eignar seg til mange grønsaksvekstar, særleg dei med eit godt utvikla rotsystem.
I og med at sandjord har relativt store porer, held ho ikkje så godt på vatnet. Dette gjer at vekstar med lite rotsystem må ha tilgang på vatning gjennom vekstsesongen. Kepalauk er eit godt døme på ein grønsaksvekst med lite utvikla rotsystem. Sandjord eignar seg godt til potet og rotgrønsaker.

Siltjord
Siltjord er ofte iblanda både sand- og leirpartiklar. Dette gjer at denne jordarten eignar seg godt til grønsaksproduksjon. Han held på vatn og kan vere relativt næringsrik.
Leirjord
Leirjord er ofte næringsrik på grunn av kolloida som finst der. Kolloida er negativt ladde og bind seg til positivt ladde ion (kation). Desse iona kan vere næringsstoff som kalium, magnesium og kalsium.
Leirjord kan innehalde mykje vatn i dei små porene/luftromma som er innimellom leirpartiklane, noko som gjer at vatnet beveger seg sakte. Når leirjord tørkar, blir det ofte danna ei hard skorpe på overflata. Vi seier at jorda blir skarp. Dette kan gjere det vanskeleg for grønsaker å spire. For å motverke dette kan vi vatne med dyser som gir små dropar. Grønsaker som blir sådde direkte i leirjord, inkluderer gulrot, pastinakk, raudbete og setjelauk.
For kålvekstar og andre grønsaker som blir planta ut, har leirjord gode eigenskapar for vekst og utvikling.
Organisk jord
Organisk jord er myrjord. Det har gjennom alle tider vore dyrka mykje grønsaker på myrjord. Myrjord er ofte kald på grunn av høgt innhald av vatn. Ho må drenerast godt for at grønsaksvekstar skal få gode forhold for vekst og utvikling av heile planta. Myrjord er ein djup jordart med lite stein, og ho eignar seg godt til dyrking av gulrot.
pH
All jord som skal nyttast til grønsaksproduksjon, bør ha pH mellom 5,8 og 6,8. Avvik pH-verdien mykje frå dette, kan tilgangen på viktige næringsstoff i jorda bli påverka.