Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Jord og gjødsling

Fagstoff

Vekstskifte

Vekstskifte betyr at vi ikkje har den same veksten på same stad fleire år på rad. Ved å ha vekstskifte gjer vi livet litt vanskelegare for både ugras og skadegjerarer, og då aukar sjansen for at vi lykkast med grønsaksdyrkinga.

Kva er vekstskifte?

Vekstskifte er når vi gjennomfører ein syklus for når same vekst kjem tilbake på same areal. I nokre tilfelle er det tilrådd med eit vekstskifte på sju år, i eit anna tilfelle kan ein komme tilbake med same vekst etter berre fire år.

Kvifor vekstskifte?

Målet med vekstskifte kan vere å

  • hindre/svekke vanskelege ugras

  • førebygge sjukdom på planter

  • førebygge angrep av skadedyr

I tillegg til dette kan vi tenke på å dyrke planter som tilfører organisk materiale til jorda. Det kan vi gjere ved å dyrke bladrike grønsaker som hovudkål og blomkål. Her vil det alltid ligge igjen blad etter hausting, og desse blir brotne ned og tilførte jorda.

Ugras

Ugras kan vere ei utfordring for mange grønsaksvekstar. Vi kan unngå ein del ved å veksle mellom grønsaksplanter med god og mindre god dekkevne. Planter med god dekkevne er til dømes mangold eller hovudkål.

Desse vekstane gir skugge, noko som gjer at frøugraset får dårlegare vekstforhold. Kepalauk har liten bladmasse, og dette gjer at ugraset får meir optimale vekstforhold.

Vi finn òg ugras som høyrer til same plantefamilie som ei grønsaksplante. Pengeurt og gjetartaske er ugras som begge høyrer til korsblomsterfamilien, altså same plantefamilie som alle kålvekstar med fleire. Utfordringa med desse ugrasplantene er at dei kan vere vertsplanter for klumprot som òg går på alle korsblomstra grønsaksvekstar.

Sjukdom

Dersom vi unngår å dyrke ei plante på eit oppgitt areal, vil til dømes sjukdommar bli svekte eller borte over nokre år sidan vertsplanta ikkje blir dyrka der.

Nokre grønsaksdyrkarar har klumprotsmitte i jorda. Dette er ein sjukdom som gir oppsvulma røter, og som svekker vatn og næringsopptak i planta. Sjukdommen går ikkje berre på grønsaksvekstane, og smitten kan overleve i jorda i opptil sju år. I slike tilfelle er det viktig å ha god kamp mot ugras i korsblomsterfamilien.

Skadedyr

Når det gjeld skadedyr, så kan enkelte av desse overvintre som puppe i jorda gjennom ein vinter. Dersom vertsplanta ikkje blir dyrka året etter, og heller ikkje ei annan vertsplante som skadegjeraren angrip, vil skadegjeraren bli borte.

Gulrotfluge er eit døme på dette. Puppa til gulrotfluga overvintrar i jorda, og andre vertsplanter kan vere mellom anna selleri, knollfennikel, pastinakk, kruspersille og dill. Det hjelper altså ikkje å dyrke til dømes selleri året etter gulrot om du skal ta knekken på gulrotfluga.

Kriterium for godt vekstskifte

Her er nokre kriterium vi bør følge for godt vekstskifte:

  • variere med planter innan ulike plantefamiliar

  • variere med planter som har ulike rotsystem (grunne og djupe røter)

  • variere med planter som gir lite eller mykje planterestar til jorda

  • variere med planter som har god og dårleg dekkevne (dyrke kepalauk med dårleg dekkevne etter kålvekstar med god dekkevne for å redusere mengda av frøugras året vi dyrkar kepalauk)

  • dyrke mindre næringskrevjande vekstar etter næringskrevjande vekstar

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 11.10.2024