Næring og gjødsel

Næringsstoff
Nitrogen
Bladrike grønsaker er grønsaker der vi et blada til planta, til dømes hovudkål og grønkål. Desse treng meir nitrogen enn rotgrønsaker som gulrot, raudbete og kålrot, der det er rota vi bruker til mat.
Fosfor
Fosfor er òg eit viktig næringsstoff for grønsaksvekstar, men behovet er ikkje like stort som for nitrogen. Planter som purre, kepalauk og salat har eit større behov for fosfor på eit tidleg stadium enn hovudkål, blomkål og raudbete.
Kalium
Kalium er viktig for vassopptaket i rota. I tillegg inngår kalium som ein viktig bestanddel for fotosyntesen. Dei fleste kålvekstar, gulrot, purre og kepalauk har stort behov for kalium. Då snakkar vi om i storleiksorden 14–24 kg kalium per dekar.
Næringsbehov og gjødselbehov
Vi møter ofte faguttrykka næringsbehov og gjødselbehov. Kva er eigentleg forskjellen?
Næringsbehov er det totale behovet plantene har for å utvikle seg normalt gjennom ein lang vekstsesong, mens gjødselbehovet er den næringa vi må tilføre etter at vi har funne ut kva jorda inneheld av tilgjengelege næringsstoff. Dette finn vi ut ved å ta jordprøvar. Gjødselbehovet er altså differansen mellom næringsbehovet og det som allereie finst i jorda.
Gjødselbehov
Gjødselbehovet er differansen mellom næringsbehovet og det som allereie finst av næringsstoff i jorda.
Gjødsling i praksis
Plantene har behov for næring gjennom heile sesongen, men når dei er små, treng dei ikkje så mykje. Defor kan det vere smart å dele gjødsla på fleire omgangar. Den gjødsla vi gir tidleg om våren, kan vi kalle startgjødsling, og vi kan gi han både med sentrifugalspreiar og med radgjødslar.
Den gjødsla vi ikkje gir om våren, kan vi fordele med nokre vekers mellomrom gjennom sesongen fram til plantene blir så store at vi ikkje klarer å køyre gjennom åkeren med reiskapen vi bruker. I ein marknadshage kan det vere aktuelt å spreie gjødsla på ein annan måte enn med traktormontert sentrifugalspreiar eller radgjødslar.
Mineralgjødsel
Mineralgjødsel er kjemisk framstilt gjødsel som er vasslausleg. Mange kallar denne gjødsla handelsgjødsel eller kunstgjødsel. Mineralgjødsla blir raskt tilgjengeleg for planterøtene når ho blir løyst i jordvæska, og plantenæringa blir til ion som røtene tek opp.

Næringsinnhaldet i mineralgjødsla blir namngitt med ein talkombinasjon. Døme på dette kan vere 18–3–15, 8–5–19 eller 11–5–18. Desse tala står for delen av nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) oppgitt i prosent.
Klorfattig gjødsel
I klorfattig gjødsel bruker ein kaliumsulfat som kjelde til kalium. Viss ein bruker kaliumklorid i staden, får gjødsla høgt klorinnhald.
8–5–19 og 12–4–18 er døme på klorfattige gjødseltypar. Dei er eigna til grønsaksvekstar som bønner, purre og kepalauk.
Opptak av for mykje klor kan gi redusert stivelsesinnhald i rota på rotvekstar som potet. På ømfintlege bladgrønsaker gir for mykje klor sviding av bladspissar og bladkantar og dessutan gulning av blad.
Organisk gjødsel
Organisk gjødsel kan vere husdyrgjødsel eller kompost. Husdyrgjødsel er godt eigna til grønsaksproduksjon. Det er fordi gjødsla inneheld organisk materiale, der næringsstoffa blir seinare tilgjengelege for planterøtene sidan det organiske materialet må brytast ned av mikroorganismar og meitemark i jorda før det blir frigjort.
Husdyrgjødsel kan vere både i fast og i flytande form, og næringsinnhaldet varierer frå husdyrslag til husdyrslag. Grønsakdyrkarar som dyrkar økologisk, kan berre bruke husdyrgjødsel eller organisk gjødsel som er godkjend i økologisk dyrking.
I grønsakdyrking blir det ofte brukt ein kombinasjon av mineralgjødsel og organisk gjødsel.