KSL – Kvalitetssystem i landbruket

Kva er KSL?
KSL er eit verktøy som norske bønder bruker for kvalitetssikring og internkontroll. Verktøyet dekker alle sider av produksjonen, og KSL gjer det enklare for deg som bonde å ha oversikt over heile drifta. Målet med KSL er å sikre
at du følger lover og forskrifter for produksjonen din
at det du produserer, er av god kvalitet
- at du varetek helse, miljø og sikkerheit på garden
Som bonde må du gjennomføre eigenrevisjon på garden ein gong kvart år. Då går du gjennom fleire sjekklister der du sjekkar om punkta er følgde opp. Viss du kan svare "ja" på alle spørsmåla, kan du vere trygg på at du har gjort det du kan for at garden din er ein trygg arbeidsplass, og at produkta dine er produserte innanfor regelverket.
Kvifor KSL?
Den årlege eigenrevisjonen i KSL krev litt innsats frå deg som bonde, men det er fleire gode grunnar til at du må gjennomføre han.
Du sikrar at produkta dine er trygge for forbrukarane.
Du avslører ineffektive rutinar i gardsarbeidet ditt og kan forbetre desse.
Du sikrar at du følger alle lover og forskrifter i produksjonen og på garden.
Du sikrar at du har gjort det du kan for å vareta eigen sikkerheit og helse i gardsarbeidet.

Kven bestemmer innhaldet i KSL?
Det er fleire utval og arbeidsgrupper som kontinuerleg arbeider med innhaldet i KSL. Utvala og arbeidsgruppene består av representantar frå ulike organisasjonar innan mat- og landbruksnæringa og dessutan observatørar frå landbruksstyresmaktene. Norges Bondelag, Tine, Gartnerhallen og Nortura er døme på organisasjonar som har representantar i desse utvala.