Eigenrevisjon

Eigenrevisjon
Ein gong i året må du som bonde gjennomføre ein eigenrevisjon på garden, dette er ein del av Kvalitetssystem i landbruket (KSL). Eigenrevisjon er ein gjennomgang av heile garden der du sjekkar om du følger lover og reglar, om kvaliteten på produkta dine er god nok, og om helse, miljø og sikkerheit er varetekne på best mogleg måte.
Dersom det dukkar opp avvik, må du følge dei opp og lukke dei innan ein tidsfrist. Døme på avvik kan vere manglande gjødselplan eller manglande fallsikring på låvebru. Når du har gjennomført eigenrevisjonen og lukka eventuelle avvik innan fristen, har du det som heiter "gyldig KSL". Ein gyldig KSL er eit krav for å kunne levere varene du produserer.
KSL-standarden
KSL-standarden skal brukast ved eigenrevisjon på garden din. Standarden består av sjekklister og rettleiarar. Det er utarbeidd sjekklister for kvar enkelt produksjon. Dyrkar du potet, må du fylle ut sjekklista for potet, har du mjølkeproduksjon, er det eiga sjekkliste for det. Ein del planteproduksjonar har felles sjekkliste, til dømes er grønsaker, frukt og bær samla. Uansett produksjon må alle fylle ut sjekklistene "Generelle krav til gården" og "Helse, miljø og sikkerheit".

KSL-revisor
Ein gong iblant kan du få besøk av ein KSL-revisor på garden. Eit sånt besøk kan vere veldig nyttig for deg som bonde fordi revisoren vil sjå på garden din frå eit anna perspektiv. Ein slik revisjon kan avsløre at sikkerheita er dårleg i enkelte arbeidsoperasjonar, at det har komme ein ny regel for produksjonen din, eller at dyrevelferda kan bli betre med eit enkelt grep.
Oppgåver
Gå inn på desse sjekklistene:
Les gjennom sjekklistene og prøv å svare på spørsmåla med bakgrunn i det du veit om skulegardsbruket eller ein annan gard du kjenner godt.
Kvifor har vi KSL? Diskuter i klassen.