Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

KSL – Kvalitetssystem i landbruket

KSL er verktøyet til bonden for kvalitetssikring og trygg matproduksjon. Gjennom årleg eigenrevisjon får du god oversikt over heile garden, både om du følger regelverket for produksjonen, og om du følger retningslinjene for HMS. Dette er til nytte for både deg og forbrukarane.

Kva er KSL?

KSL er eit verktøy som norske bønder bruker for kvalitetssikring og internkontroll. Verktøyet dekker alle sider av produksjonen, og KSL gjer det enklare for deg som bonde å ha oversikt over heile drifta. Målet med KSL er å sikre

  • at du følger lover og forskrifter for produksjonen din

  • at det du produserer, er av god kvalitet

  • at du varetek helse, miljø og sikkerheit på garden

Som bonde må du gjennomføre eigenrevisjon på garden ein gong kvart år. Då går du gjennom fleire sjekklister der du sjekkar om punkta er følgde opp. Viss du kan svare "ja" på alle spørsmåla, kan du vere trygg på at du har gjort det du kan for at garden din er ein trygg arbeidsplass, og at produkta dine er produserte innanfor regelverket.

Kvifor KSL?

Den årlege eigenrevisjonen i KSL krev litt innsats frå deg som bonde, men det er fleire gode grunnar til at du må gjennomføre han.

  1. Du sikrar at produkta dine er trygge for forbrukarane.

  2. Du avslører ineffektive rutinar i gardsarbeidet ditt og kan forbetre desse.

  3. Du sikrar at du følger alle lover og forskrifter i produksjonen og på garden.

  4. Du sikrar at du har gjort det du kan for å vareta eigen sikkerheit og helse i gardsarbeidet.

Kven bestemmer innhaldet i KSL?

Det er fleire utval og arbeidsgrupper som kontinuerleg arbeider med innhaldet i KSL. Utvala og arbeidsgruppene består av representantar frå ulike organisasjonar innan mat- og landbruksnæringa og dessutan observatørar frå landbruksstyresmaktene. Norges Bondelag, Tine, Gartnerhallen og Nortura er døme på organisasjonar som har representantar i desse utvala.

Kjelder

Helstad, E. (2025, 21. mars). Nøkkelen til kvalitet og sikkerhet. Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/nyhetsarkiv/default/2025/nokkelen-til-kvalitet-og-sikkerhet

Kvalitetssystem i landbruket. (2023, 19. juni). Hvem bestemmer innholdet i KSL? https://www.ksl.no/hva-er-ksl/hvem-bestemmer-innholdet-i-ksl/

Kvalitetssystem i landbruket. (2024, 14. november). Dette må du vite om Gyldig KSL. https://www.ksl.no/hva-er-ksl/hva-er-gyldig-ksl/

Skrive av Anne Langerud.
Sist oppdatert 31.03.2025