Juleblomstrar

Julestjerne
Biologi
Julestjerne, eller Euphorbia pulcherrima som er det vitskapelege namnet, er den mest populære juleblomsteren vår. Ho høyrer til vortemjølkfamilien og har, som mange andre artar i den familien, kvit mjølkesaft.
Pryden i ei julestjerne finn vi i dei farga høgblada, ikkje i blomstrane. Blomstrane er ganske små og sit midt i stjerna. Høgblad er blad som sit nær blomstrane hos nokre blomsterplanter. Dei har ofte, som mellom anna hos julestjerne, same funksjon som kronblad, nemleg det å tiltrekke seg pollinerande insekt.
Visste du at ...
Julestjerna har fått eit litt ufortent rykte om at ho er svært giftig? Det er ho ikkje, men den kvite plantesafta kan verke irriterande om du får ho på huda. Dei små blomstrane kan framkalle ein allergisk reaksjon hos nokon, men kjenner du på dette, kan du heilt enkelt knipe vekk blomstrane.

Historie
Frå Mellom-Amerika til USA
Julestjerna kjem opphavleg frå Mellom-Amerika der ho veks som ein busk som kan bli 4–5 meter høg. Midt på 1800-talet tok den første amerikanske ambassadøren i Mexico med seg julestjerna til USA, og der brukte dei ho som prydbusk i hagen i den sørlege delen av landet.
Idéen om at julestjerna kunne brukast som juleblomster, kom frå den tyske emigranten Paul Ecke. På byrjinga av 1900-talet planta han julestjernebusker på åkeren og selde avskorne julestjerner som folk kunne setje i vasar for å pynte bordet med til julemiddagen.
Visste du at ...
Julestjerne heiter poinsettia på engelsk? Namnet har ho fått etter USAs første ambassadør i Mexico, Joel Poinsett. Det var han som tok med julestjerna til USA, og derifrå spreidde ho seg til heile verda. Den 12. desember er julestjernas dag, og i USA feirar dei denne dagen som ei hyllest til Joel Poinsett som døydde på denne datoen i 1851.

Julestjerna kjem til Noreg
På 1930-talet kom julestjerna til Noreg, og Thormod Hegg frå Lier utanfor Drammen har mykje av æra for den julestjerna vi finn i butikkane i dag. Dei første eksemplara av julestjerne som potteplante var lange og spinkle og hadde svært dårleg haldbarheit. Han starta eit omfattande arbeid, og på byrjinga av 60-talet kunne dei presentere ei julestjerne med kompakt vekst og god haldbarheit. Ho fekk namnet Anette Hegg etter Thormods første barnebarn. Julestjerna Anette Hegg, og etterkommarar av ho, dominerte den internasjonale julestjernemarknaden i mange år.
I dag finn vi julestjerner i mange fargar og ulike storleikar. Vi har raude, kvite, rosa, lilla og faktisk gule julestjerner. Det finst òg tofarga stjerner. Julestjernene blir selde som ministjerner, i den vanlegaste storleiken med ei stjerne eller som store planter med mange stjerner i toppen.





