Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Produksjon av potteplanter og snittblomstrar i Noreg

Både blomsterbutikkane og daglegvarebutikkane har gjennom heile året eit godt utval av potteplanter og snittblomstrar. Sjølv om noko av dette er import, finst det framleis gartneri som dyrkar fram grønplanter, blomstrande potteplanter og snittblomstrar.

Potteplanter

Potteplanter bruker vi som eit samleomgrep på dei blomstrande potteplantene og dekorasjonsplantene. Vanlegvis bruker vi desse for å pynte opp innandørs, men nokre av dei kan òg setjast ut gjennom sommaren.

Visste du at ...

Å ha planter innandørs har mange fordelar? Dei reinsar lufta og gir dermed betre luftkvalitet og gjer at vi kjenner oss meir vel, både fysisk og psykisk. Andre fordelar med planter innandørs er at dei dempar lyd, tilfører oksygen og held luftfukta på eit behageleg nivå.

Produksjon av blomstrande potteplanter i norske veksthus

Det blir produsert totalt vel 18 millionar blomstrande potteplanter i Noreg kvart år. Tabellen nedanfor viser dei fem største.

produksjon av blomstrande potteplanter

Produksjon

Tal

(millionar)

Eldtopp4
Julestjerner3
Hortensia1,5
Begonia1,5
Potteroser1

Dekorasjonsplanter

I daglegtale kallar vi gjerne desse grønplanter. Prydverdien ligg i blada, anten i fargen eller fasongen, nokre gonger begge deler. Fleire av grønplantene er store og kraftigveksande og brukast til dømes i kaféar og kjøpesenter for å skape eit triveleg miljø. Men dei er òg fine å ha i stua eller i entréen om du har nok plass.

Produksjon av dekorasjonsplanter i norske veksthus

Det blir produsert snautt 1,5 millionar dekorasjonsplanter i Noreg, og rundt halvparten av desse er eføy.

Snittblomstrar

Snittblomstrar omfattar alle dei avskorne blomstrane, dette er dei vi kan setje i vase på bordet. Bukettar med snittblomstrar er vanleg som bursdagsgåve, og både kransar og båredekorasjonar i gravferder blir laga frå snittblomstrar.

Produksjon av snittblomstrar i norske veksthus

I 2024 vart det produsert litt over 77 millionar snittblomstrar i Noreg, av desse tronar tulipan på toppen med heile 75 millionar. Elles blir det produsert cirka 2 millionar liljer og eit mindre tal av roser og krysantemum.

Nedgang i talet på produsentar

Sidan tusenårsskiftet har talet på gartneri som produserer potteplanter og snittblomstrar i Noreg, gått ned. Mellom 1998 og 2010 forsvann 75 prosent av gartneria som produserer tulipan, og 65 prosent av rosegartneria. Samtidig har dei som har igjen, blitt større. Dette, saman med auka import, gjer at talet på potteplanter og snittblomstrar som blir selde, ikkje har forandra seg i særleg grad.

Kjelder

NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi. (u.å.). Totalkalkylen – statistikk. Henta 7. desember 2024 frå https://www.nibio.no/tjenester/totalkalkylen

Opplysningskontoret for blomster og planter. (2019, 22. januar). Gi deg selv et bedre inneklima. https://www.obp.no/gi-deg-selv-et-bedre-inneklima/

Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Tabell 06817: Produksjon av snittblomster, blomstrende potteplanter, dekorasjonsplanter og utplantingsplanter i veksthus (avslutta serie) 1998–2006. https://www.ssb.no/statbank/table/06817

Skrive av Anne Langerud.
Sist oppdatert 25.11.2024