Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Produksjon av blomstrar i veksthus

Fagstoff

Juleblomstrar

Når det nærmar seg jul, er dei tradisjonelle juleblomstrane på plass i butikken. Julestjerna er den mest populære av alle, og det er ho vi produserer suverent mest av her i landet.

Julestjerne

Biologi

Julestjerne, eller Euphorbia pulcherrima som er det vitskapelege namnet, er den mest populære juleblomsteren vår. Ho høyrer til vortemjølkfamilien og har, som mange andre artar i den familien, kvit mjølkesaft.

Pryden i ei julestjerne finn vi i dei farga høgblada, ikkje i blomstrane. Blomstrane er ganske små og sit midt i stjerna. Høgblad er blad som sit nær blomstrane hos nokre blomsterplanter. Dei har ofte, som mellom anna hos julestjerne, same funksjon som kronblad, nemleg det å tiltrekke seg pollinerande insekt.

Visste du at ...

Julestjerna har fått eit litt ufortent rykte om at ho er svært giftig? Det er ho ikkje, men den kvite plantesafta kan verke irriterande om du får ho på huda. Dei små blomstrane kan framkalle ein allergisk reaksjon hos nokon, men kjenner du på dette, kan du heilt enkelt knipe vekk blomstrane.

Historie

Frå Mellom-Amerika til USA

Julestjerna kjem opphavleg frå Mellom-Amerika der ho veks som ein busk som kan bli 4–5 meter høg. Midt på 1800-talet tok den første amerikanske ambassadøren i Mexico med seg julestjerna til USA, og der brukte dei ho som prydbusk i hagen i den sørlege delen av landet.

Idéen om at julestjerna kunne brukast som juleblomster, kom frå den tyske emigranten Paul Ecke. På byrjinga av 1900-talet planta han julestjernebusker på åkeren og selde avskorne julestjerner som folk kunne setje i vasar for å pynte bordet med til julemiddagen.

Visste du at ...

Julestjerne heiter poinsettia på engelsk? Namnet har ho fått etter USAs første ambassadør i Mexico, Joel Poinsett. Det var han som tok med julestjerna til USA, og derifrå spreidde ho seg til heile verda. Den 12. desember er julestjernas dag, og i USA feirar dei denne dagen som ei hyllest til Joel Poinsett som døydde på denne datoen i 1851.

Julestjerna kjem til Noreg

På 1930-talet kom julestjerna til Noreg, og Thormod Hegg frå Lier utanfor Drammen har mykje av æra for den julestjerna vi finn i butikkane i dag. Dei første eksemplara av julestjerne som potteplante var lange og spinkle og hadde svært dårleg haldbarheit. Han starta eit omfattande arbeid, og på byrjinga av 60-talet kunne dei presentere ei julestjerne med kompakt vekst og god haldbarheit. Ho fekk namnet Anette Hegg etter Thormods første barnebarn. Julestjerna Anette Hegg, og etterkommarar av ho, dominerte den internasjonale julestjernemarknaden i mange år.

I dag finn vi julestjerner i mange fargar og ulike storleikar. Vi har raude, kvite, rosa, lilla og faktisk gule julestjerner. Det finst òg tofarga stjerner. Julestjernene blir selde som ministjerner, i den vanlegaste storleiken med ei stjerne eller som store planter med mange stjerner i toppen.

Oversikt over andre vanlege juleblomstrar

Amaryllis

Amaryllis er ein veldig dekorativ juleblomster. Det er ei laukplante som blir seld før blomstring. Når vi får ho inn i stuevarmen, sprette dei store, fine blomstrane ut. Amaryllis finst i raudt, lilla og kvitt og i fleire fargevariantar i overgangen mellom desse tre. Han kan òg vere tofarga.

Juleglede

Juleglede, eller julebegonia, blir rekna som den eldste juleblomsteren vår. Populariteten har minka noko med åra, men nokon må ha ei juleglede i hus for å få skikkeleg julestemning. Finst i kvitt og rosa.

Asalea

Asalea er ei vanleg juleplante og favoritten til mange. Det er ein busk med vedaktige greiner. Ho trivst best i litt lågare temperatur enn vi har på stua, men klarer seg fint gjennom jula viss du passar på at ho ikkje tørkar. Finst i raudt, kvitt, lilla og rosa. Ho finst òg tofarga.

Julerose

Julerosa er ei ganske gammal juleplante. Du kan gjerne ha ho inne, men ho toler faktisk 5–6 minusgradar, så nokon bruker ho òg for å gi litt julestemning utandørs. Har du ho inne i stua i jula, kan du uansett plante ho ut til våren. Finst i mange fargar: kvitt, rosa, fleire lillavariantar, gult og faktisk grønt.

Svibel

Svibel, eller hyasint, er ei laukplante som er populær i jula. Ho blir seld før ho blomstrar, men når du får ho inn i varmen, kjem blomstrane fram på ein dag eller to. Ho har ei sterk lukt som mange elskar, andre kan slett ikkje fordra ho. Ho blir ofte brukt i samanplantning med andre planter. Finst i blått, rosa og kvitt.

Julekaktus

Julekaktus, eller novemberkaktus, kan du ha i mange år viss du passar på at han ikkje får for mykje vatn. Klarer du det, vil han setje knoppar og blomstre rundt juletider kvart år. Han er veldig dekorativ under blomstring, men gjer lite av seg elles. Finst i kvitt, rosa, fleire lillanyansar og raudt.

Kjelder

Balvoll, G. (2022, 29. juni). Thormod Hegg. I Store norske leksikon. https://nbl.snl.no/Thormod_Hegg

Grindeland, J. M. (2023, 21. desember). Julestjerne. I Store norske leksikon. https://snl.no/julestjerne

Nyléhn, J. & Helgheim, B. (2024, 6. mars). Høyblad. I Store norske leksikon. https://snl.no/h%C3%B8yblad

Opplysningskontoret for blomster og planter. (2018, 19. november). Julestjernens historie. https://www.obp.no/julestjernens-historie/

Opplysningskontoret for blomster og planter. (2018, 11. desember). 12. desember er julestjernens dag. https://www.obp.no/12-desember-er-julestjernes-dag/

Skrive av Anne Langerud.
Sist oppdatert 21.01.2025