Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Haldvurdering

Haldvurdering er ein metode du kan bruke for å sjekke om dyra dine er for feite eller for tynne. Det er viktig å følge med på haldet til dyra, fordi det kan fortelje deg om fôret du gir dei, er tilpassa behovet hos kvart enkelt dyr.

Framgangsmåte

Du bør vurdere haldet på både kyr og drektige kviger med jamne mellomrom, helst ein gong i månaden. Når du skal haldvurdere, er det desse områda på dyret du skal konsentrere deg om:

  • ryggen, frå området bak ribbeina og bakover til hoftepartiet: Har dyret avrunda rygglinje, eller ser du kvar enkelt ryggtakk?

  • området mellom ryggtakkar og sidetakkar: Det bør vere ein boge, men han skal ikkje vere skarp og tydeleg innsokken.

  • hofteknokar og setebeinknokar: Her bør det vere eit feittlag, sånn at det er jamt. Knokane bør ikkje vere utståande og kanta.

  • halegropa: Her bør knoklane ha eit feittlag, sånn at dei er litt avrunda.

Tilrådd hald i ulike periodar (NRF)

Haldet vil naturleg nok variere ein del gjennom året, sidan kua ikkje bruker like mykje energi i ulike periodar. Her er nokre tilrådingar om hald hos mjølkekyr:

  • Ved kalving bør kua ha haldpoeng mellom 3,25 og 3,75. Viss kyrne mjølkar mykje, kan dei ha haldpoeng opp mot 4 ved kalving.

  • Etter kalving vil kua alltid tape hald, fordi ho bruker mykje energi på å produsere mjølk. Haldtapet bør ikkje bli større enn 0,5–0,75 poeng.

  • Fire til seks veker etter kalving bør kua ha stabilisert haldet, no bør ho ikkje bli tynnare. Ho bør ikkje ha lågare haldpoeng enn 2,5. Tilrådd hald to månader etter kalving er frå 2,75 til rundt 3.

  • Resten av laktasjonen bør haldet aukast forsiktig, sånn at kua har eit stabilt hald på 3,25–3,75 i .

Haldvurdering og fôring

Det er for seint å sjekke haldet for å planlegge fôring når kalvinga nærmar seg, for kua treng stabil fôring fram mot kalving. Å starte ein slankekur på slutten av drektigheita vil gå ut over både kalven sin tilgangen på næring og den totale energibalansen til kua.

Derfor er det viktig å ha kontroll med haldet heilt frå starten av laktasjonen, sånn at du kan tilpasse fôringa fram mot neste kalving så tidleg som mogleg. Det kan vere så lett som å redusere kraftfôrmengda så snart kua har komme opp i eit stabilt godt hald, rundt tre månader etter kalving.

Du må òg følge med på kvigene gjennom drektigheita, for dei kan lett bli for feite viss dei får det same energiriket grovfôret som mjølkekyrne. Her kan du passe på å gi kvigene eit meir fiberrikt grovfôr i drektigheitstida og spare det beste fôret til det er på tide å starte oppfôringa dei siste vekene før kalving.

Automatisk haldvurdering

DeLaval har utvikla eit 3D-kamera som kan vere eit godt hjelpemiddel i haldvurderinga. Ofte er kameraet plassert i tilknyting til mjølkeroboten og tek bilete av kyrne når dei besøker roboten. Bileta blir analyserte automatisk, og programvara set gjennomsnittleg haldpoeng på grunnlag av fleire målingar i løpet av ei veke.

Oppgåve

Bruk skjemaet under og haldplansje frå GENO og vurder haldet på nokre tilfeldig valde kyr.

Haldpoeng

Haldpoeng 2,0

Rygg/ryggtakkar
Kvar enkelt ryggtakk tydeleg

Området mellom ryggtakkar og sidetakkar
Tydeleg innsokke

Hofteknokar og sidebeinknokar
Utståande og tydeleg kantete

Halegropa
Framståande knoklar, U-forma rom under halerota

Haldpoeng 2,5

Rygg/ryggtakkar
Skarp, utståande rygglinje

Området mellom ryggtakkar og sidetakkar
Tydeleg konkav boge

Hofteknokar og sidebeinknokar
Noko utståande og litt kantete

Halegropa
Uthola, men tendens til feittavleiring

Haldpoeng 3,0

Rygg/ryggtakkar
Noko avrunda rygglinje

Området mellom ryggtakkar og sidetakkar
Lett konkav boge

Hofteknokar og sidebeinknokar
Jamne, ikkje kantete

Halegropa
Avrunda knoklar, grunn halegrop med noko feittavleiring

Haldpoeng 3,5

Rygg/ryggtakkar
Avrunda rygglinje, ryggtakkane er ikkje tydelege

Området mellom ryggtakkar og sidetakkar
Svak konkav boge, nesten jamn helling

Hofteknokar og sidebeinknokar
Tildekte med noko feitt

Halegropa
Avrunda knoklar, grunn halegrop med tydelege feittavleiring

Haldpoeng 4,0

Rygg/ryggtakkar
Flat, ingen ryggtakk tydeleg

Området mellom ryggtakkar og sidetakkar
Nesten flatt

Hofteknokar og sidebeinknokar
Avrunda med feitt

Halegropa
Avrunda, utfylt med feitt. Antyding til vevsfold ved halefeste

Haldpoeng 4,5

Rygg/ryggtakkar
Flat, tydeleg feittlag

Området mellom ryggtakkar og sidetakkar
Svak konveks boge

Hofteknokar og sidebeinknokar
Stor feittfylde

Halegropa
Knoklar tildekte, gøymde i feitt, tydelege vevsfoldar

Kjelder

Brodshaug, E. (2016). Rett hold for holdbare kyr. Buskap, 6/2016. https://www.buskap.no/article/2016/06/Rett-hold-for-holdbare-kyr

GENO. (2020, 23. november). Hold og holdvurdering for NRF. https://www.geno.no/fagstoff-og-hjelpemidler/fagstoff/brunst-og-fruktbarhet/fruktbarhetsstyring/hold-og-holdvurdering-for-nrf/

Kristiansen, J. A. (2017). Holdvurderingsskjema for NRF-kyr. Geno. https://www.geno.no/contentassets/ac4c4216838446cd9aab51bc1090a019/holdvurdering-nrf-kyr-17.pdf

Lang-Ree, R. (2016). Holdvurdering er ikke lenger synsing. Buskap, 2/2016. https://www.buskap.no/article/2016/02/Holdvurdering-ikke-lenger-synsing

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 25.03.2025