Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Fordjupingsoppgåver om storfeavl

Ved å jobbe med desse oppgåvene blir du betre kjend med avlsarbeidet i ein storfepopulasjon.

Oppgåver

  1. Kva for nokre norske storferasar kjenner du til?

  2. Beskriv historia bak Norsk Raudt Fe (NRF).

  3. Lag ei liste over nokre viktige eigenskapar i avlen med NRF.

  4. Kva eigenskapar er viktige i avl på kjøttfe? Kvifor er desse eigenskapane så viktige?

  5. Vel deg ein storferase og finn ut korleis avlsarbeidet er lagt opp for denne rasen.

    1. Lag ei liste over viktige eigenskapar for rasen.

    2. Beskriv kva eigenskapar du vil legge mest vekt på om du skal drive med denne rasen. Grunngi kvifor desse eigenskapane er viktige for deg.

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 25.06.2026