Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Avlsmål og indeksar

Avlsmåla styrer kva eigenskapar vi vektlegg i avlsarbeidet, alt frå mjølkeproduksjon og helse til kjøttkvalitet og moreigenskapar. Indeksar og samla avlsverdi blir brukte for å finne ut kva dyr som er best eigna til å føre slekta vidare.

Avlsmål

Avlsmåla for ein rase seier noko om kva eigenskapar vi ønsker å fremme i avlsarbeidet. For mjølkerasar er det til dømes eit viktig mål at kyrne produserer mykje mjølk. Men det er som regel smart å inkludere andre eigenskapar i avlsmålet òg. Ei ku som skal produsere mykje mjølk, må klare å ta opp nok fôr, og ho må òg ha god helse.

For kjøttferasane vil avlsmåla dreie seg meir om tilvekstfart og kjøttkvalitet, og moreigenskapar er viktigare enn kor mange kilo mjølk dei kan produsere.

I det norske avlsarbeidet fokuserer vi òg på helsa og velferda til dyra. Her er eksteriørvurderingar og helseregistreringar viktige hjelpemiddel for å finne dei dyra som er best eigna til å bli foreldre til neste generasjon.

Dei ulike avlsorganisasjonane må revidere avlsmåla med jamne mellomrom fordi krava som bøndene og resten av samfunnet set til produksjonen, endrar seg i takt med tida vi lever i.

Indeksar

For å setje ein verdi på dei ulike avlsmåla, treng vi informasjon om noko som kan målast. Her er indeksane eit viktig hjelpemiddel. Ein indeks seier noko om kor gode resultat dyret har i forhold til resten av populasjonen. Gjennomsnittet for ein indeks ligg som regel på 100, det vil seie at dyr som får mindre enn 100, er dårlegare enn gjennomsnittet, og dei som har indeksar over 100, er betre enn gjennomsnittet.

Døme på indeksar i storfeavlen

Her ser du nokre av eigenskapane som det blir berekna indeksar på:

Døme på delindeksar i storfeavl

eigenskap

delindeks

mjølk
(gjeld NRF)
  • kg mjølk

  • kg protein

  • kg feitt

  • proteinprosent

  • feittprosent

kjøtt
  • slaktevekt

  • slakteklasse

  • feittinnhald

bein
  • hasevinkel

  • beinstilling

  • kodeledd

Samla avlsverdi

For å kunne rekne ut ein samla avlsverdi gir vi dei ulike indeksane ein viss verdi. Dei ulike eigenskapane tel altså ikkje likt. Kva eigenskapar som tel mest, går fram av avlsmåla, og dei ulike indeksane må matast inn i eit innfløkt dataprogram for at vi skal finne den samla avlsverdien.

Kjelder

Geno. (2026, 12. februar). Verdi av indeksen. https://www.geno.no/fagstoff-og-hjelpemidler/avlsprogram-for-norsk-rodt-fe/verdi-av-indeksen/

Timbele, L.B. (2021). Korleis skal me lesa indeksar? https://www.buskap.no/article/2021/05/korleis-skal-me-lesa-indeksar

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 26.05.2026