Ungpurker

Avlsbesetning
Du må ha ei godkjend avlsbesetning (formeiringsbesetning) for å kunne selje ungpurker til smågrisprodusentar og kombinertbesetningar. Sjå figuren under.
Du kan lese meir om dei ulike besetningstypane i ressursen "Avlspyramiden".
Formeiringsbesetning
Formeiringsbesetningane produserer hybridpurker (kryssingspurker) ved å bruke reinavlspurker frå foredlingsbesetningar som mødrer. Desse hybridpurkene blir så selde til bruksbesetningar (smågris- og kombinertbesetningar).
Fôring av ungpurker
Rett fôring under oppdrett sikrar haldbare, produktive purker og god dyrevelferd. Rett fôring bidreg òg til sunn mage- og tarmhelse, sterke bein og klauver, og dessutan til generelt god helsestatus.
Fôrtypar

Bruk kraftfôr som er tilpassa purker og ikkje til slaktegriser. Slaktegrisfôret har for lågt innhald av fiber, mineral og vitamin. Gå over til drektigheitsfôr ved 18–20 vekers alder for å bremse tilveksten og bygge ryggspekk. Dette bidreg til god brunst og gjer at det blir lettare å få purkene drektige.
Tilvekst
Appetittfôring blir tilrådd fram til purkene veg 60–70 kilo, deretter meir restriktiv fôring for moderat tilvekst. Dei bør ligge på 700–900 gram tilvekst per dag fram til inseminering.
Fôringsrutinar
Du bør fôre ungpurkene minst tre gonger per dag. Hugs å gi dei fiberhaldig fôr. Det er fordi fiberrikt fôr med lågt proteininnhald sikrar at purkene blir mette, samtidig som du unngår at dei veks for raskt.
Kontroll av fôringsstrategi
Norsvin tilrår at du tek spekkmåling ved første brunst. Tilrådd ryggspekk ved første brunst er 12–14 mm. Ungpurkene har ofte for lite spekk i forhold til musklar, så spekkmåling kan vere eit godt hjelpemiddel for å justere fôringsstrategien for neste pulje.
Flushing
Flushing betyr å auke energitildelinga i sju dagar før inseminering for at eggkvaliteten skal bli betre. Slik kan du òg få auka kullstorleik fordi meir energi fører til at det blir modna fleire egg.
God mage- og tarmhelse
Fiber som roesnittar (frå sukkerroar) og grovfôr bidreg til at dyra kjenner seg mette. Dei får òg betre fordøying, og du får redusert uønskt åtferd i flokken. Purker som ikkje får nok fiber, kan utvikle stereotypiar.
Det er altså viktig med nok fiber, for det sikrar at du får haldbare purker med høgt fôropptak dieperioden.

Vatn
Sørg for at purkene får nok vatn og kontroller niplar og drikkekar ofte. Drikkeniplar bør gi minst fire liter per minutt.

Alder og utvikling ved første inseminering
Ungpurkene blir kjønnsmodne når dei er rundt seks månader gamle, men du bør ikkje inseminere ungpurkene i den første brunsten. Det beste er å vente til purkene blir litt større, då blir dei betre i stand til å klare seg godt gjennom den første drektigheita og dieperioden. Derfor er det tilrådd å inseminere dei i den andre brunsten, når dei er rundt sju månader gamle og veg mellom 150 og 160 kilo.
Reglar ved kjøp og sal
Som smågrisprodusent kan du kjøpe ungpurker som er bedekningsklare når du får dei. Du kan òg velje å la oppdrettaren sørge for bedekninga, sånn at dei er drektige når du får dei.
Spesielle krav til bedekningsklare purker (22–34 vekers alder)
Ungpurker skal vise brunst før dei er åtte månader gamle. Det er eit krav at dei med rett fôring og stell skal bli drektige innan tre brunstar.
Viss purka ikkje blir drektig, får du som kjøpar prisavslag tilsvarande slakteverdien og ei fôringsgodtgjersle (maks 600 kroner per purke).
Spesielle krav til drektige purker – fruktbarheit
Viss purka grisar seinare enn oppgitt dato, skal seljar dekke ekstra fôrutgifter og gi kompensasjon for forseinkinga. Kompensasjon blir berre gitt ved forseinkingar over ti dagar.
Purker som kastar eller har minst eitt foster, blir rekna som drektige.
Purker som viser brunst innan tre veker etter at du tok imot dei, blir rekna som ikkje drektige. Det gir prisavslag og fôringsgodtgjersle.
Transportfristar for drektige purker
Drektige purker skal transporterast tidlegast seks veker etter starten av drektigheita og seinast tolv dagar før forventa grising.
Oppgåver
Relatert innhald
Avlspyramiden beskriv korleis griseavlen er organisert i Noreg. Dei ulike trinna i pyramiden fortel oss kva dei ulike besetningane heiter.
Fôrbehovet hos ei avlspurke avheng av om ho er drektig eller skal produsere mjølk til grisungane. Her ser vi på kva purka treng i ulike periodar.