Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Avlspyramiden

Avlspyramiden beskriv korleis griseavlen er organisert i Noreg. Dei ulike trinna i pyramiden fortel oss kva dei ulike besetningstypane heiter. Toppen av pyramiden viser òg at det er ganske få foredlingsbesetningar, mens det er flest slaktegrisbesetningar.

Ulike besetningstypar

Norsk griseproduksjon er delt inn i fire ulike besetningstypar som har ulike roller. Avlsarbeidet går føre seg i foredlingsbesetningane og formeiringsbesetningane. Bruksbesetningane (smågris- og kombinertbesetningar og slaktegrisbesetningar) driv ikkje med avlsarbeid, men kjøper avlsdyr frå foredlingsbesetningane.

Avlsbesetningar

Avlsbesetningane har som oppgåve å produsere avlsdyr med gode gen. Alle avlsbesetningar må godkjennast av Helsetjenesten for svin, og det er strenge krav for å bli godkjend. Desse besetningane må òg følge eit eige helse- og hygienereglement.

Foredlingsbesetningar

Foredlingsbesetningane har som oppgåve å drive avl på reinrasa dyr av norsk landsvin og duroc. For tida er det totalt 22 landsvinbesetningar og 8 durocbesetninger, og desse ligg i ulike delar av landet. Her er nokre punkt som beskriv dei viktigaste oppgåvene hos foredlingsbesetningane:

  • Levere rånar til Norsvins teststasjon for rånar, Norsvin Delta. Teststasjonen ligg på Løten, og dei har eit mål om å teste 5 000 rånar i året.

    • Det første utvalet av avlsrånar skjer på grunnlag av .

    • Dei beste rånane blir sende til teststasjonen når dei er cirka 70 dagar gamle.

    • På teststasjonen går dei i bingar saman med andre rånar av same rase, og eit elektronisk øyremerke sørger for at fôropptak og tilvekst blir registrert.

  • Rekruttere purker som skal inn i avlen.

    • genotyping av nesten alle purkar som blir fødde (70–100 prosent)

    • av nokre purker frå kvart kull

    • sal av avlspurker til formeiringsbesetningar

Formeiringsbesetningar

Formeiringsbesetningane skal produsere hybridpurker, det vil seie purker som er ei kryssing av norsk landsvin og nederlandsk yorkshire. Vi driv ikkje eigen avl på yorkshire i Noreg lenger, derfor har vi ei formeiringsbesetning som får fersk sæd frå Canada kvar sjette veke. Denne besetninga produserer Z-rånar til Norsvins seminstasjon (I.M. Kjølseth, Norsvin, personleg kommunikasjon, 5. november 2024). Namnet beskriv opphavet til rånane, og Z-rånar har genmaterialet sitt frå den nederlandske avlen på rasen yorkshire.

Dei andre formeiringsbesetningane kjøper avlspurkene sine frå foredlingsbesetningane og får Z-sæd frå desse rånane til landsvinpurkene sine for å produsere TN70-purker. Desse purkene er altså eit resultat av kryssing mellom norsk landsvin og nederlandsk yorkshire.

Bruksbesetningar

Bruksbesetningane driv ikkje eige avlsarbeid, men dei registreringane du gjer om helsa og tilveksten til dyra, dannar grunnlaget for arbeidet i norsk griseavl.

Smågris- og kombinertbesetningar

Desse besetningane kjøper som regel hybridpurker frå formeiringsbesetningane. Ungpurkene er anten klare for inseminering når du kjøper dei, eller du kan kjøpe dei etter at dei er inseminerte. Etter nokre månader får dei sitt første kull med smågrisar.

Det finst òg nokre purkeringar der du kan leige drektige purker som du leverer tilbake etter at grisungane er avvende.

Viss du driv rein smågrisproduksjon, blir alle smågrisane selde vidare til ein slaktegrisprodusent når dei er mellom åtte og ti veker gamle. Men du kan òg drive kombinert produksjon. Det betyr at du sel nokre av smågrisane og beheld resten sjølv, sånn at du kan fôre dei fram til slakt.

Slaktegrisbesetningar

Ei slaktegrisbesetning driv berre med oppfôring av grisar til slakt og kjøper inn smågrisar frå avls- eller smågrisbesetningar. Omsetjing av smågrisar går gjennom slakteria, og det er strenge krav til helsa og velferda til dyra i samband med kjøp og sal.

Ingris

Ingris er eit dataprogram du kan bruke for å registrere hendingar i drifta, som bedekning, avvenning og opplysningar om fôring og helse. Det du legg inn, kan du i neste omgang bruke til å vurdere resultata dine og planlegge drifta framover.

Programmet er ein del av Husdyrkontrollene som blir forvalta av Animalia. Opplysningane du legg inn, dannar òg grunnlag for avlsarbeid, forsking og statistikk.

Oppgåver

Kjelder

Animalia. (2024, 22. februar). Avlsbesetninger. https://www.animalia.no/no/Dyr/svin/avlsbesetninger/

Norsvin. (u.å.). Avl for fremtidens gris. Henta 16. desember 2024 frå https://norsvin.no/avl/

Norsvin. (2022, 9. november). Årets beste på avl. https://norsvin.no/nyheter/arets-beste-pa-avl/

Norsvin. (2024, 27. august). Delta Norge er tatt i bruk. https://norsvin.no/nyheter/delta-norge-er-tatt-i-bruk/

Relatert innhald

Ungpurker

Smågrisprodusentar kjøper avlspurkene sine av ein oppdrettar med godkjent avlsopplegg. Det blir stilt strenge krav til helsa til dyra ved kjøp og sal.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 17.03.2025