Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Brunst og inseminering

Her lærer du om brunst hos purker og korleis brunsten blir styrt av hormon og ytre påverknad. Vi tek òg for oss dei ulike fasane i brunsten, testing av brunst og rett tidspunkt for inseminering.

Brunstsyklus

Purker blir vanlegvis kjønnsmodne og får sin første brunst når dei er 56 månader gamle. Brunsten gjentek seg med faste mellomrom så lenge purka ikkje er drektig, og det går vanlegvis 21 dagar mellom kvar brunst.

Hormonstyrt

Brunsten er styrt av hormon, og den første brunsten blir gjerne utløyst av at ungpurka blir utsett for ei miljøforandring eller annan ytre påverknad. Alder, haldstatus og rånekontakt er nokre av faktorane som kan spele inn. Sjølve brunsten startar med at hypothalamus skil ut hormonet GnRH, som i neste omgang set fart i alle dei andre brunsthormona.

Kjønnsorgana til purka

Her er det nokre enkle skisser som viser korleis kjønnsorgana til purka er oppbygde. Legg merke til dei to lange børhorna. Her er det plass til mange grisungar på kvar side.


Synkronisering

For at ungpurkene skal komme i brunst, er det viktig at dei er i godt hold. Når dei er så store at dei nærmar seg kjønnsmodning, er det nokre knep du kan bruke for å utløyse den første brunsten hos ungpurkane. Du kan til dømes "stresse" dei litt ved å la dei få kontakt med ein råne. Eller du kan flytte dei til ein ny plass i fjøset. Etter slike miljøforandringar tek det som regel berre ei lita veke før ungpurkene kjem i brunst.

Du kan òg synkronisere brunsten hos eldre purker. Dei fleste purker som går saman med grisungane, vil komme i ny brunst 3–7 dagar etter avvenning. Det betyr at dersom fleire purker grisar med berre nokre dagars mellomrom, kan dei vennast av same dag. Ved avvenning blir purka vanlegvis flytta bort frå grisungane, og denne endringa i miljø og rutinar bidreg til å setje i gang brunstsyklusen hos purka på nytt.

Fasar i brunsten

Det varierer frå purke til purke kor lang kvar brunst er, men vanlegvis varer heile brunsten i 23 dagar. Brunsten består av to fasar: forbrunst og etterbrunst.

Forbrunst

I starten av brunsten endre purka åtferd, ho blir uroleg og årvaken. Og det er ikkje uvanleg at purkene slåst og kranglar ein del. Hos ungpurker ser du ofte at kjønnsleppene hovnar litt opp og blir raude. Dette kan òg skje hos eldre purker, men som regel ikkje fullt så tydeleg. Dei kan òg slime litt i forbrunsten, då er slimet kvitt eller gråleg.

Høgbrunst

I høgbrunsten er slimet blankt. Viss purka i tillegg går og småskvettar urin, er det eit teikn på at ho er over i høgbrunsten. Mesteparten av raudfargen på kjønnsleppene er no borte. Men det viktigaste teiknet på høgbrunst er stårefleksen.

Eggløysinga skjer mot slutten av høgbrunsten, og det er viktig at sæden er på plass i børen FØR egga losnar!

Stårefleks

Når purka har stårefleks, er ho klar til å bli para eller inseminert. Purka vil stå godt på alle fire bein, øyra står ofte opp og vippar litt bakover, og ho liker at du stryk henne langs sidene og over ryggen. Du kan setje deg på ryggen til ei purke som har god stårefleks, og ho vil ikkje røre seg.

Tenk gjennom

Har du prøvd å setje deg på ryggen til ei purke som ikkje er i brunst? Kva trur du skjer då?

Brunsttesting

Når du skal teste om ei purke er klar for inseminering, må du prøve å etterlikne rånen så godt du kan:

  1. Start med å dytte purka i sida. Bruk knea.

  2. Så kan du stryke og løfte henne litt i svangen (overgangen mellom låret og buken).

  3. Trykk mot vulva, under og på sidene av kjønnsopninga.

  4. Legg press / trykk forsiktig på krysset (bakarst på ryggen).

  5. Til slutt kan du prøve å setje deg på purka. Om ho står i ro og kanskje krummar ryggen litt, har øyra opp og hovudet litt ned, er ho klar til inseminering.

Inseminering

For å få løyve til å inseminere eigne purker, må du gjennomføre inseminasjonskurs i regi av Norsvin. Det er òg eit minstekrav om antal purker i besetningar som skal drive eigeninseminering. I tillegg til å gjennomføre kurset må du ha løyve frå Mattilsynet.

Grisesæd

Norsvin Alfa, som er seminstasjonen for gris, ligg i Vang i Hamar kommune. Her har Norsvin plass til 300 rånar som dei tapper sæd av ein til to gonger i veka. På laboratoriet blir sæden blanda med ei fortynningsvæske som gir han eit godt miljø å leve i fram til han skal brukast. Grisesæd blir ikkje nedfrosen, og må brukast innan fire dagar etter at han blir produsert. Du bestiller sæden hos Norsvin, som sender han ut med bodbilar.

Visste du at ...

Grisesæd er ferskvare som må brukast innan fire dagar. Og han må lagrast ved stabil temperatur på 1618oC før han blir brukt.

Viktig å hugse på når du skal inseminere

Det beste er ofte å setje seg på ryggen til purka når ho skal inseminerast, slik du ser i filmen under. For å unngå infeksjonar i fødselskanalen er det viktig med god hygiene:

  • Vask hendene!

  • Bruk insemineringsbelte til insemineringsutstyret.

  • Tørk godt rundt kjønnsopninga for å unngå at skitt og smuss blir med når du fører inn inseminasjonsrøyret.

  • La purka trekke inn sæddosen sjølv, ikkje klem på sædposen.

Film: Brunsttesting og inseminering av gris

I denne filmen (lengde 5:35) får du sjå brunsttesting og inseminering i praksis.

Video: Senter for livslang læring / CC BY-NC 4.0

Oppgåver

Hormon i brunsten

Kvar i brunstsyklusen til purka høyrer dei ulike hormona heime?

Kjønnsorgana til purka

Dra namna til rett stad.

Kjønnsorgana til purka

Dra namna til rett stad.

Kjelder

Lovdata. (2022, 28. april). Forskrift om kunstig sædoverføring hos husdyr utført av andre enn veterinær. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1995-03-06-239

Mattilsynet. (2022, 7. februar). Inseminere ei bestemd besetning. https://www.mattilsynet.no/dyr/produksjonsdyr/inseminere-egne-dyr

Norsvin. (2022). Studiekurs, kapittel 2: Reproduksjon. https://norsvin.no/studiekurs-reproduksjon-studieenhet-2/#21

Norsvin. (u.å.). Norsvin Alfa. Hentet 11. mai 2026 fra https://norsvin.no/alfa/

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 19.05.2026