Gjødselplanlegging

Gjødselplan
Å lage ein årleg gjødselplan er lovpålagt for alle som har har krav på produksjonstilskot. Gjødselplanen skal setjast opp for kvart skifte som bonden driv, både eigd og leigd. Det er krav til kva han skal innehalde:
kartskisse med målestokk og som tydeleg viser skifteinndelinga
oversikt over jordbruksarealet i dekar for kvart skifte
informasjon om jordart og jordanalysar for pH, fosfor, kalium og moldinnhald
informasjon om type, planlagd mengde tilført og anteke spreietidspunkt for husdyrgjødsel, slam og anna organisk gjødsel
informasjon om type, planlagd mengde tilført og anteke spreietidspunkt for mineralgjødsel
Det er utvikla fleire dataprogram du kan bruke for å setje opp ein gjødselplan, men det er òg mogleg å gjere det manuelt på papir. Du kan velje å setje opp gjødselplanen sjølv, men mange vel å leige nokon til å gjere det. Norsk Landbruksrådgiving er blant dei som kan gjere jobben for deg.
Jordprøvar
Ifølge forskrift om gjødslingsplanlegging skal det bli teke jordprøvar minimum kvart åttande år, men det blir tilrådd gjere det kvart fjerde eller femte år. Analysen av slike jordprøvar er utgangspunktet for gjødselplanlegginga.
Uttak av jordprøve
Når vi tek jordprøvar, bruker vi ei jordprøvebor med diameter 1,5–2 cm og stikk 20 cm djupt. Ei jordprøve består av 9–16 stikk med prøvebora. Desse tek vi rundt omkring på skiftet slik at prøven blir representativ. Jorda frå alle stikka blir godt blanda og send til analyse.

Jordanalyse
Når vi skal bruke jordanalysen til gjødselplanlegging, må han minst innehalde informasjon om det følgande:
jordart
pH
moldinnhald
innhald av plantetilgjengeleg fosfor
innhald av plantetilgjengeleg kalium
Analyselaboratoria tilbyr ofte pakkar der dei mest vanlege analysane inngår. Til dømes har Eurofins, som er ein av dei store leverandørane av analysar til landbruket, ein pakke som analyserer for jordart, volumvekt, moldklasse, leirklasse, glødetap, pH og plantetilgjengeleg innhald av næringsstoffa fosfor, kalium, magnesium, kalsium og natrium.
Gjødslingsnormer
Gjødslingsnormene seier noko om kor mykje nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) dei ulike vekstane treng for å produsere ei gitt avling. Normene er sett opp for korn, oljevekstar, erter, potet, grønsaker, eng og fôrvekstar og dessutan frukt og bær.
Utgangspunktet for gjødslingsnormene er normavlingane, det er avling du kan forvente for dei ulike vekstane. Normavlingane er sette opp etter skjønn og erfaring.
Tabellen nedanfor viser gjødslingsnormtal for korn. Der er det sett opp ei normavling på 500 kg per dekar. Gjødslingsnorma er kva du bør tilføre av nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) når du forventar normavling, altså 500 kg per dekar. Forventar du meir eller mindre, må du justere gjødslingsnorma opp eller ned etter den siste kolonnen i tabellen.
Vekst | Forventa avling (kg/daa) | Gjødslingsnorm N-P-K (kg/daa) | Endring av N-P-K (kg/daa per 100 kg avlingsendring) |
|---|---|---|---|
| bygg | 500 | 11,1–1,75–6,0 | 1,6–0,35–1,0 |
| havre | 500 | 11,1–1,75–6,0 | 1,6–0,35–1,0 |
| vårkveite, mat | 500 | 12,5–1,75–6,0 | 2,0–0,35–1,0 |
| vårkveite, fôr/såkorn | 500 | 11,1–1,75–6,0 | 1,6–0,35–1,0 |
| haustkveite, mat | 500 | 14,5–2,1–7,0 | 2,0–0,35–1,0 |
| haustkveite, fôr/såkorn | 500 | 13,1–2,1–7,0 | 1,6–0,35–1,0 |
Korreksjonar
Når vi har fått lagt inn jordanalysane og gjødslingsnormene, skal vi begynne å korrigere mengde gjødsel ut frå normtala. I korreksjonane må vi ta omsyn til det følgande:
Jordanalysane
Ut frå jordanalysane korrigerer vi tilførsel av fosfor og kalium. Er det mykje plantetilgjengeleg fosfor eller kalium i jorda, treng vi ikkje tilføre så mykje som gjødslingsnorma tilseier.
Moldinnhald
Har vi eit høgt moldinnhald i jorda, kan vi tilføre litt mindre nitrogen enn gjødslingsnorma tilseier. Moldinnhaldet finn vi i jordanalysane.
Forgrøde
Forgrøde er veksten vi dyrka på åkeren året før. Vi kan få litt etterverknad av denne. Vart det til dømes pløgd ned ei kløverrik eng, får vi noko nitrogen frå denne og kan redusere litt på tilførselen.
Nedpløgd halm
Har vi dyrka korn året før og pløgd ned halmen, vil vi få noko kalium og fosfor frå denne. Då kan vi tilføre litt mindre kalium og fosfor enn gjødslingsnorma tilseier.
Etterverknad av husdyrgjødsel
Dersom vi køyrde ut husdyrgjødsel på åkeren eller enga i fjor, vil noko av nitrogenet i denne bli tilgjengeleg først året etter. Då kan vi tilføre litt mindre nitrogen enn gjødslingsnorma tilseier.

Planlagd gjødsling
Etter at du har lagt inn korreksjonane, har du funne behovet for gjødsling på dei ulike skifta dine, og du er framme ved der du skal setje opp planen for årets gjødsling.
Har du husdyr og skal køyre ut husdyrgjødsel, må dyreslag og mengde du skal køyre ut, bli lagd inn. Dekker du heile gjødselbehovet med husdyrgjødsla, er planen ferdig. I mange tilfelle må ein tilføre mineralgjødsel i tillegg for å dekke heile behovet, og då blir oppgåva å finne rett type og rett mengde slik at plantene får nok næring.
I økologisk landbruk kan ein i tillegg til husdyrgjødsla til dømes bruke pelletert hønsegjødsel godkjend for økologisk planteproduksjon.
Gjennomfør gjødselplanen din
Gjer du ein god jobb med gjødselplanlegginga og gjødslar etter planen, har du lagt eit godt grunnlag for å kunne hauste ei bra avling med god kvalitet. Utan ein gjødselplan er risikoen for å gjødsle feil mykje større. Ved for sterk gjødsling vil ikkje plantene vere i stand til å ta opp all næringa, då vil næringsstoffa berre bli vaska ut og forsvinne ut i vatn og vassdrag. Det er uheldig både for miljøet og for lommeboka til bonden. For svak gjødsling aukar risikoen for både dårleg avling og dårleg kvalitet.