Jordhelse

Kva er god jordhelse?
God jordhelse betyr at både dei fysiske, kjemiske og biologiske eigenskapane ved jorda fungerer godt saman.
- Fysiske eigenskapar
- Jordstruktur. Jorda skal drenere godt og ha nok porer for luft og vatn slik at røter og andre jordorganismar, som til dømes meitemark, kan leve der. Jordpakking er negativt.
- Kjemiske eigenskapar
- Innhald av organisk materiale, pH, innhald og tilgjengelegheit av næringsstoff i jorda. Dei kjemiske eigenskapane blir påverka av det geologiske opphavet til jorda.
- Biologiske eigenskapar
- Livet i jorda. Meitemark, soppar, bakteriar og alle andre som bidreg til nedbryting av organisk materiale. Plantene er òg ein viktig del av dei biologiske eigenskapane.
Heilt enkelt kan vi seie at jord som fungerer godt, har god jordhelse. Den jorda gir oss gode avlingar, ho drenerer bort overflødig vatn, og ho er ein god bustad for røter og jordorganismar. Ei slik jord vil innehald mykje organisk materiale og dermed òg fungere som eit karbonlager.

Jordhelsa har blitt dårlegare
Globalt har intensivt jordbruk ført til dårlegare jordhelse i mange viktige jordbruksområde. På slik jord minkar produktiviteten, og ein må til dømes gjødsle meir for å få same avling som før.
I Noreg har vi ikkje komme så langt, men vi ser tendensar til at vi bør ta grep før vi øydelegg meir av matjorda vår.
Faresignala som vi ser, er at
moldinnhaldet i jorda har gått mykje ned og er stadig søkkande
avlingsframgangen har stagnert i ein del område
nokon opplever auka behov for innsatsmiddel utan at avlingane aukar
Korleis får vi god jordhelse?
Det er foreslått fleire tiltak som kan betre jordhelsa, og alle desse går inn i kvarandre.
Minst mogleg forstyrring av jorda. Dette kan vere til dømes ingen, forandra eller redusert jordarbeiding. Endra jordarbeiding kan innebere at du pløyer på våren i staden for på hausten for å redusere faren for erosjon gjennom vinteren.
Plantedekke i store delar av året. Naturlege system med plantedekke heile året har betre jordhelse. Bruk av fangvekstar som dekker jorda etter hausting av til dømes grønsaker, potet eller korn, kan vere eit praktisk tiltak.
Større mangfald av planteartar. Vekstskifte hindrar oppformeiring av skadegjerarar og legg til rette for eit mangfald i jorda.
God drenering fører til at eit større volum jord blir tilgjengeleg for planterøter og andre organismar. Ved mykje nedbør og ved tørke er dette ein fordel. Når jorda er godt drenert, blir ho òg tidlegare lagleg for arbeiding og køyring.
Kalking er viktig for å halde pH på eit nivå som gjer næringsstoffa meir tilgjengelege for plantene. Det gir god plantevekst som igjen kan påverke jordstrukturen positivt. Kalk bidreg òg med å binde jordaggregat, så kalking kan derfor ha ein direkte positiv effekt på jordstrukturen.
Utbetring av pakkeskadar. Pakkeskadar oppstår når du køyrer med tungt utstyr på åkeren, spesielt om jorda er fuktig. Pakking djupt ned i jorda er vanskelege å få retta opp, men i øvre sjikt kan dyrking av vekstar med kraftige, djuptgåande røter løyse opp pakking og gi betre jordstruktur.
Tilførsel av husdyrgjødsel, organisk materiale, kompost og biokol. Høgt innhald av organisk materiale i jorda er generelt viktig for god jordhelse.

Oppsummering
Det beste er å ha ei drift som tek vare på god jordhelse. Unngå pakkeskadar, sørg for at jorda heile tida inneheld ein god del organisk materiale, og at dreneringa fungerer. Pass på at pH-verdien er fornuftig, og at det er plantedekke så stor del av året som mogleg. Dårleg jordhelse gir dårlegare avling og tek lang tid å rette opp.